Frank Kjøde har eit innlegg i avisa 11.August der han legg fram sitt vitnesbyrd om kvifor han vel FrP.

Og grunngjevingane er fleire, men kan i hovudsak oppsummerast til mindre skattar og avgifter, som alltid har vore av FrP sine hovudbodskap. Han skriv at Støre regjeringa har kassert inn milliardar på ekstra skattar og avgifter som ikkje kjem «vanlege folk» til gode. Her er nokre punkt som seier noko anna: Auka barnetrygd frå 1.juli , redusert maks pris i barnehagar, gratis barnehage for barn nr. 3, billegare SFO, brillestøtta er innført igjen ( etter at Solberg regjeringa fjerna den) Og for dei som vil sjå heile lista finn dei den her: Ap/Sp-regjeringens resultater(arbeiderpartiet.no) og den er lang.

No er det kommuneval og kommunestyret kan ikkje gjere noko med det generelle skatte og avgiftstrykket, men FrP går til val på å fjerne eigedomsskatten i kommunen. Det er ok det, men korleis vil Frank og FrP finansiere milliontapet dette vil påføre kommunen? Det ventar vi svar på før valet. Trudde FrP hadde lært litt om økonomiske realitetar, den tida dei sat i regjering, etter at dei hadde lova både fjerning av bompengar og billegare drivstoff i valkampen.

So mitt spørsmål til Frank blir: Korleis vil han og FrP skaffe midlar til dei svakaste om ein ikkje skal «ta» frå dei velståande. Eg bygger mitt samfunns syn på at vi må om fordele, då må vi med sterkast rygg(økonomi) være med å betale dei nødvendige skattane. «Du skal yte etter evne og få etter behov» er eit godt slag ord. Ulikskapen mellom dei som er velståande og dei som har lite har auka kraftig dei siste åra, og korleis vil FRP være med å endre dette utan at vi betalar skattar og avgifter?