No er det valkamp, og som mange andre prøver eg å få med meg det dei ulike partia lovar dei skal gjennomføre, berre dei får tillit frå veljarane.

Det som slår meg er at mange av desse lovnadane handlar om lågare skattar og avgifter, billegare drivstoff, høge renter, lågare straumpris og betre ferjetilbod, for å nemne nokre av dei som vert oftast omtalte.

Felles for desse er at dette er saker som Sykkylven kommunestyre ikkje gjer vedtak om.

Sykkylven Arbeidarparti går til val med lovnader om kva vi vil gjere her i Sykkylven i saker som kommunestyret avgjer:

  • Vi vil ta i bruk dei stengde romma på BUAS.

  • Vi vil auke bemanninga i eldreomsorga.

  • Vi vil auke talet på tilsette i skule og barnehage.

  • Vi vil arbeide for tilpassa bustader for unge og eldre.

Dette er nokre av dei viktigaste sakene våre, og dette er ikkje berre valflesk!

Sykkylven Arbeidarparti har i noverande kommunestyreperiode sett fram forslag om alle desse sakene, og vorte nedstemde av posisjonen (SP, H, V og KRF).

Men vi kjem til å kome med dei same forslaga i komande periode. DET ER VÅR VALLOVNAD.

Som veljar kan du vere med på å sikre fleirtal for desse sakene med å stemme på Sykkylven Arbeidarparti.