I fleire tiår har denne vegstubben stått på det politiske kartet for utbetring og oppgradering. Status i dag viser ingen utbetring, vegstandarden er slik den har vore i lang tid, reine tragedien og katastrofe for dei som bur og har sine heimar langs denne vegen og dei som skal til frå Dalevegen. Politikken har ansvaret for vedlikehaldet av kommunalt vegnett som samfunnet forstår, men i høve prioritering bør trafikkmengd vere førande i prioritering av vedlikehaldet av kommunale vegar. Slik er det ikkje i Sykkylven kommune. Nyleg har Straumsheimvegen fått ny asfalt og det er bra men feil tidspunkt dersom prisen her går utover utbetring av Grebstadvegen.

Den nye barneskulen i Bakkeøyane tek opp i seg tre barneskular i sentrum som vil kome i drift ut på hausten. Kva med infrastrukturen til den nye skulen, sentrum syd har i dag ein infrastruktur med gang og sykkelvegar som tilfredsstiller trygg skuleveg for elevar som ikkje har rett til gratis skyss. Situasjonen sentrum nord på aksen Grebstad – Aursneset har ikkje den same status for elvar som går på Ullavik skule og som ifølgje regelverket ikkje har rett til fri skuleskyss. Har verkeleg kommunestyret godkjent ny barneskule i sentrum utan å ha tanke på infrastrukturen sentrum nord? Oppgradering av Grebstadvegen er openbert ein skuleveg som burde vere på plass når den nye skulen blir opna. Eit betydeleg antal av elevane som i dag går på Ullavik skulen har ikkje rett på fri skuleskyss i høve regelverket. Meiner kommunestyret at foreldre som vil køyrer sine born til/frå skulen skal bli tvungen til å køyre gjennom Sykkylven sitt farlegaste kryss, Ullavikkrysset, med ferjetrafikk kvart 20 min susande forbi i begge retningar i ei samrøre av lette og tyngre køyretøy?

Det er ei kjensgjerning at oppgradering av Grebstadvegen må kome på plass så fort som mogeleg slik at både gåande elevar og elevar som blir køyrde av foreldre opplever skulevegen som god og trygg. Samstundes veit vi at befolkningsveksten i kommunen vil kome på aksen Grebstad – Aursneset som igjen vil bety at Grebstadvegen vil stå fram som ein rasjonell avlastnings veg i høve Ullavik-krysset.

Det er vanskeleg å forstå når ny skule blir oppført til ein prislapp på to til tre hundre millionar og trygg og god infrastruktur ikkje er på plass i si heilskap er i beste fall kritikkverdig. Når NU får spørsmålet om status Grebstadvegen er svaret under arbeide – eg spør om nokre år kanskje?

Konsekvensen på denne nye politiske fadesa kan vel ikkje bøtast på andre måtar enn at kommunen tilbyr gratis skyss til alle elevane på nordsida inntil Grebstadvegen står ferdig oppgradert.