På grunn av budsjettvedtaket som blei gjort rett før jul av Sp, Høgre, Venstre og KrF, må helsesektoren no spare 2,5 millionar kroner i 2023. Dette har no ført til at BUAS må fjerne fire institusjonsplassar på sone 2, noko som igjen svarar til stenging av fire rom. Endå fleire må dermed få pleie heime med hjelp frå heimetenestene og familien, noko som er ein svært uheldig situasjon. Ein kan lure på om det finst fleire rom å stenge på BUAS. Heile sone 3 har allereie blitt stengt.

Arbeidarpartiet sitt alternativt budsjett for 2023 ville ha styrka skatteanslaget med 4,5 millionar. Ein slik auke i forventa inntekter ville kunne ført til at ein ikkje måtte gå til så drastiske tiltak som å stenge rom på BUAS. Helse må få dei nødvendige midlane for å sikre at dei pleietrengande får god omsorg. No begynner ein å sjå konsekvensane av at Arbeidarpartiet og Frp sitt fellesforslag til 2023 budsjett ikkje fekk fleirtal. Med grunnlag i posisjonen sitt budsjett for 2023, er Arbeiderpartiet bekymra for kva som vil bli neste nedskjering av tenester i kommunen.

Helse og omsorg skal ikkje vere ein stad der ein sparer pengar ved å redusere tilboda. Ein må sikre at pleietrengande får god omsorg, og at dei tilsette har dei nødvendige ressursane for å utføre sitt arbeid på ein trygg og effektiv måte.

Arbeidarpartiet nektar å vere med på å stenge rom på BUAS.

Vi vil ved første anledning i kommunestyremøte fremje sak om ekstraløyvingar til helse. Tiltak må settast inn for å hindre stenging av rom og for å sikre at helse og omsorg får dei midlane som trengst. Det har vi råd til.