Det var avtroppande, vikarierande rådmann Tone Lillebø som i formannskapet nyleg lufta spørsmålet om tida kan vere moden for at dei to kommunane inst i Storfjorden skal vurdere å slå seg saman.

Dei nyvalde kommunepolitikarane blir, etter det Nyss melder, oppfordra til å be administrasjonen om å greie ut fordeler og ulemper ved ei eventuell samanslåing. Og at det i tillegg blir retta ein førespurnad om at Fjord gjer det same. Om det blir oppnådd semje om framgangsmåten, kan det ligge til rette for at arbeidet blir gjennomført i løpet av 2024.

Dette er interessante tankar.

Ingen kan dra i tvil det faktum at kommunane kjenner kvarandre frå ulike samarbeidsprosjekt. Dei har også ei nær geografisk tilknytning ved at Liabygda deler Fjord kommune, og at Geiranger må bruke fylkesvegen gjennom Fjord-bygda Eidsdal, for å nå kommunesenteret Stranda.

Lufta før

Det er ikkje første gong at samanslåing er tema på indre Sunnmøre.

I Norddal, som sidan har vorte til Fjord, vart det frå deler av kommunen fremja ynske for ein del år sidan å flytte over til Stranda. Men kom ikkje så langt som til reelle forhandlingar.

Derimot var det drøftingar i gang mellom kommunane på kvar side av Strandafjellet. Dei to kommunestyret møttest til samtalar, som fleire meinte var så realistiske at det kunne ende i ekteskap. Men meir enn skyvjing vart det ikkje.

For ikkje mange månader sidan vart det kjent at det i Liabygda var teke initiativ for å knyte bygda til Fjord. Kva resultatet blir av dette, veit førebels ingen.

Mykje til felles

Personleg har eg meint at Stranda og Fjord kunne bli eit bra hopehav, og gitt uttrykk for dette i fleire artiklar. Kommunane deler meir enn grenser. Dei har mykje til felles.

Dei utvekslar tenester, og deler interesser på ulike område. Det mest synlege er kanskje innafor reiselivet og verdsarvfenomenet. Ingen kommunar på Nordvestlandet kan skilte med større turistaktivitet.

Innbyggarar

Ved ei samanslåing ville folketalet ligge like i underkant av 7.000, fordelt med 4.407 i Stranda og 2.504 i Fjord. (Til samanlikning har Hareid 5.166, Stryn 7.259, Sykkylven 7.607, Giske 8.682, Ulstein 8.890 og Sula 9.670 innbyggarar).

Ser vi på den økonomiske drifta, hadde Stranda driftsutgifter på 114.097 kroner pr. innbyggar i 2022, medan Fjord enda på 160.627 kroner. Stranda sine driftsinntekter pr. innbyggar var 117.097 og Fjord 152.522. Driftsresultatet for Stranda sitt vedkomande var 2,3 prosent og Fjord minus 4 prosent.

Felles for dei to er satsinga på vinter- og sommararktivitar. Dette har også gitt seg utslag i byggeaktiviteten av hytter. I Stranda er det registrert 911 ferdige hytter og i Fjord 1.004.

Stranda investerte i fjor 1.791 kroner i kulturtiltak pr. innbyggar, medan summen for Fjord var 3.944 kroner.

Det er sjølvsagt uvisst kva utspelet frå rådmann Tone Lillebø resulterer i. Derimot er det sikker at det blir opp til dei folkevalde i Stranda å ta det neste steget.

På julemøtet.