Det er eit team som må vere med på å drive Stranda kommune framover, ryddejobben etter Sp og Tryggestad er ikkje nokon einmannsjobb. Mange eg snakkar med er klokkeklare på at strandapolitikken treng eit skifte, eit skifte der ein ny ordførar må på plass, men som har eit team kring seg på ein demokratisk måte.

Etter tolv år med Sp har dei fleste fått med seg at dette er drive av ordføraren sjølv, som i realiteten også har fungert som rådmann.

Eit tydeleg skilje mellom politikk og administrasjon har eg etterlyst lenge, og er eit viktig grep som må takast etter valet. Dette er viktig ikkje berre for det folkevalde arbeidet, men er også svært viktig for at administrasjonen skal kunne gjere sin jobb på ein uavhengig og ikkje politisk styrt måte.

Det er DU som veljar som avgjer kven som kjem inn i kommunestyret eller fylkestinget. Dette kan veljarane justere ved å aktivt bruke ekstrakryss på dei kandidatane ein ynskjer inn i politikken.

Vi i FrP har Steinar Aanning som ordførarkandidat. Han er ein flink kar som eg trur mange veit vil gjere ein god jobb. Mykje skal lærast i ein slik posisjon, men det klarer Steinar utmerkt. Elles har vi mange som vil støtte opp om Steinar i eit team, både i og utanfor politikken.

Erfaring er viktig, og eg kjem med mi erfaring til å hjelpe til så godt eg kan i så måte. Eg står på sisteplass på lista, men vil veljarane at eg framleis skal vere i kommunestyret, så må ein fyrst og fremst stemme FrP, og sette kryss på den ein ynskjer inn i kommunestyret.

Elles har eg i all mi politiske tid nytta mange kring meg både frå næringslivet og andre, som gode rådgjevarar når eg har hatt behov for det. Utan desse hadde eg ikkje fått gjort mykje! Sjølvsagt også erfarne medpolitikarar har vore viktig, som for min del mellom andre har vore Harald Tom Nesvik, Lodve Solholm og Oskar Grimstad.

Derfor skal folk vere klar over at med Steinar Aanning som ny ordførar, vil han ha mange erfarne og andre kring seg.

Eg er heilt sikker på at Steinar som ny ordførar kan klare å rydde opp i strandaøkonomien og gjere dei rette prioriteringane framover, til det beste for heile kommunen.

Godt val!