Brukarane og dei som bur langs Grebstadvegen må vere av eit svært tolmodig folkeslag. I fleire tiår har opprusting av denne vegen stått på kommunnen si prioriteringsliste, men kvart år har prosjektet ramla ut og andre vegprosjekt har rykt fram i køa og blitt gjennomførte. Nokre har skulda på manglande reguleringsplan, andre har skulda på vanskelege grunneigarar, men til sjuande og sist er det mangel på handlekraft det handlar om. Ny reguleringsplan er no utarbeidd og prosjektet er gryteklart, som det heiter.

Eg registrerte at fleire politiske parti hadde med Grebstadvegen høgt på prioriteringslista i valkamplovnadene sine. Flott, men no er det det vanskelege som står att, å halde ord og vise gjennomføringskraft. Dei som får denne saka på dagsordenen, og som fører til at spada blir sett i jorda, skal få mi, og sikkert mange andre si stemme ved neste val.

Det er unødvendig å seie mykje om vegstandarden i dag. Etter ein regnversperiode er det eit samanhengande vaskebrett frå Grebstadlia til Dalevegen, og den opprinneleg 3 meter breie gardsvegen har no utvida seg i breidda til minst to køyrefelt.

Eit siste poeng er at dette no blir ein del av skulevegen for mange til nyeskulen i Bakkeøyane, og det åleine burde vere eit avgjerande argument for at noko må skje.

Grebstadvegen. Foto: Privat