Kommunevalet i Stranda står om val av retning for kommunen dei neste fire åra. Dei økonomiske utfordringane gjer det naudsynt å ta radikale grep. Det krev ny politisk leiing i kommunen, og Høgre sine representantar kjem difor ikkje til å stemme for attval av den sitjande ordføraren.

«Kva meiner du må gjerast i Stranda», er spørsmålet vi som no driv valkamp for Stranda Høgre stiller til folk som vil slå av ein prat når vi møter dei på stand eller bankar på døra. Då kjem det fram mange ulike tema veljarane er opptekne av, og saker som dei ynskjer at vi skal ta tak i og få gjort noko med. Men det er og mange som stiller oss fylgjande spørsmål: «Kjem Høgre til å støtte attval av Jan Ove Tryggestad, dersom partiet ikkje samlar fleirtal i det nye kommunestyret?»

At spørsmålet vert stilt er naturleg. Høgre har etter dei siste kommunevala gitt støtte til leiaren for Senterpartiet i Stranda ved val av ordførar i konstituering. Dette har vore ei fylgje av at veljarane har lagt den politiske «tyngdekrafta» til venstre for oss, og fordi vi gjennom samarbeid har søkt å finne løysingar til beste for innbyggjarane og næringslivet. Stranda kommune er ikkje større enn at det ofte vert jobba på tvers av dei vanlege politiske skiljelinene. Det ynskjer vi skal halde fram i åra som kjem. Men når det nye kommunestyret skal konstituerast etter valet, kjem likevel ikkje representantane frå Stranda Høgre til å støtte Senterpartiet sin ordførarkandidat.

Årsaka er ikkje mangel på respekt for Jan Ove Tryggestad som person. Men i motsetnad til partiet han er leiar for, meiner vi det er stor trong for å leggje om kursen i organisering og drift av kommunen. Då kan vi ikkje ha ein kaptein på brua med eit mannskap som ynskjer at alt skal vere som det har vore. Om veljarane vil ha endring, er vi i Høgre klare til å ta styringa.

Ansvarleg økonomisk styring er kanskje både kjedeleg og traust som valkamp-sak, men akk, likevel så naudsynt. Når inntekter frå skattar og avgifter ikkje stig i takt med kostnadene, må det takast grep. For året som kjem må Stranda omstille drifta med 40 – 50 millionar kroner. Om spriket mellom inntekter og kostnader held fram i 2025 og deretter, må det kuttast enda meir for at kommunestyret skal kunne vedta budsjett som balanserer. Dette er ein føresetnad for den friskmeldinga kommunen treng for å bli strøket av ROBEK-lista.

Stranda vil få ekstern hjelp til å greie ut dei tiltaka som må til for å skape ein sunn økonomi i kommunen. For Høgre er det eit mål at tenestene innan skule, helse og eldreomsorg held fram med høg kvalitet, og vi vil leggje opp til gode prosessar i kommunestyret for å få dette til. Men då må alle vise vilje til å gi opp sine kjepphestar og tanken om at alt skal vere som det har vore. Vi kan ikkje styre kommunen ut av uføret i lag med eit Senterparti som manglar sans for realitetane. Stranda treng ein ny kurs, og det får vi berre med ein ny ordførar.