Demokratiske valprosessar gjeld også i Stranda kommune!

Viser til det du sende ut ang. val av nytt hamnestyre, der du skriv at «vi må også ha eit medlem frå FrP».

Etter val fekk FrP 26,3 prosent av stemmene, noko som i eit utval på sju fører til to representantar til So, to til Høgre, to til FrP, samt 1 til Ap.

Dette betyr at FrP skal ha to representantar i Hamnevesenet, og vi kjem med ein mann og ei kvinne til desse verva.

Val av dette styret er også med fleirtalsval, der det i forhandling med Høgre var semje om leiar/nestleiar til anten Høgre eller FrP.

I det demokratiske styresettet i Norge og ang. val er demokratiet lagt opp med val på politiske parti, ikkje enkeltpersonar.

Einaste gongen personval har blitt gjort var ved direkteval av ordførar for nokre år sidan.

Alle val etter dette er på politiske parti, som gjennom oppslutning i valet dannar grunnlaget for fordeling av verv, styrer, råd og utval.

Med bakgrunn i dette, skal FrP ha sin representasjon i utval, råd og styrer etter valresultatet og oppslutning i valet.

Etter ny kommunelov kan det ikkje gjerast endringar i Storting, fylkestinget eller kommunestyret sjølv om nokon går ut av sine parti som medlem. Det same gjeld formannskap, ordførar/varaordførar.

Derimot absolutt alle andre val av kontrollutval, hovudutval, utvalsmedlemmar og leiarverv der, kan kommunestyret gjere omval på når som helst i perioden.

Stranda FrP fekk sine verv i alle hovudutval, råd og styreverv etter valresultatet til partiet FrP, og etter valteknisk samarbeid med partiet Høgre.

Høgre fekk også sine verv, ordførar og utvalsleiar med medlemmar etter dette grunnlaget.

No har personar meld seg ut av FrP, men dei har FrP sine lovmessige verv som partiet rettmessig gjennom valet har fått.

Det er heilt vanleg at når nokon ikkje representerer partiet som har fått verv, skal ein ny representant bli valt av partiet, då verva går på parti og ikkje enkeltperson.

Stranda FrP ber ordføraren fremje sak for kommunestyret med endring og nyval av representantar i følgjande verv der uavhengige representantar har FrP sine rettmessige verv.

Dette gjeld:

  • 1 representant i MK/Pla, med ny varaliste.

  • 1 representant i Levekårsutvalet, med ny varaliste.

  • Leiar i MK/Pla

Varaordførar vervet som FrP forhandla fram gjennom valteknisk samarbeid med Høgre kan ikkje veljast om utan at varaordføraren sjølv trekkjer seg. Det same gjeld dei to plassane FrP skulle ha som parti i formannskapet.

Med bakgrunn i dette ber Stranda FrP ordføraren om å forhalde seg til valresultatet, og ber om at ordføraren held seg til dette i dei vala som står igjen til utval, råd og styrer.

Vi ber om å få stadfesting tilbake på dette frå ordføraren, og stadfesting på at ordføraren fremjar sak om endring av dei vala vi har vist til i hovudutvala.