I artikkelen kjem det fram at Promenaden på Ikornnes har hatt ope som vanleg i ferien. Restaurant Raus har og hatt ope i ferien, og har stengt måndager, slik mange restauranter har.

På Aursneset har eg sjølv notert at det har vore mykje folk dei gangane eg har vore innom, noko andre og fortel om. Pizzabakeren er og eit tilbod eg ser mange nyttar seg av, og har også vore open. Bellami i sentrum, har vore stengt 3 veker. D.v.s. at ein av dei har hatt stengd.

Gledeleg er det og at musea har hatt ope, då dei for få år sidan var stengt i ferien. Dei har og temautstilling der både Cylindra og Berlihuset er brukt. Biblioteket har og hatt ope alle dagar på grunn av ekstra ressursar inn.

Kommunen opna og opp for å ha salsboder på kaiområdet, som det ser ut til mange set pris på.

For ein som har vore heime denne ferien, har eg kunne nytta meg av desse tilboda, og vore godt nøgd med det. Sjølvsagt er det synd vi ikkje har fleire tilbod i sentrum, men veldig kjekt vi har tilboda til Sol Kafe og DIS kaffebar, som også har vore ope!