Det var på alle måtar svært spanande å drive valkamp sist haust, og like spanande var det å følgje med Framstegspartiet på valkvelden. Høgre fekk som venta dominere meiningsmålingane over store delar av landet, men her i nordvest fekk Frp råde grunnen i fleire kommunar. Difor var det ekstra moro at Sykkylven Frp vart det største av Frp sine lokallag i Møre og Romsdal med ein oppslutnad på 32,7 prosent. Og det største lokalpartiet i Sykkylven. Etter den første grovteljinga hadde Frp fått inn heile ti mandat i kommunestyret, men etter at framandstemmene vart telt opp, mangla partiet marginale to stemmer. Men for all del. Det å få inn ni representantar i kommunestyret, meiner eg er eit imponerande godt resultat. Og at eit samrøystes kommunestyre kunne slutte seg opp om Olav Harald Ulstein som ny Frp-ordførar.

Før valet var det mange som på Facebook var skeptiske til meg kvar Frp skulle få inndekning til vår lovnad om reduksjon av eigedomsskatten. Heldigvis kunne Frp etter valet gå i koalisjon med Høgre som også hadde vallovnad om reduksjon av denne usosiale og urettferdige skatten.

Som leiar for kommunestyregruppa vart det difor ein ekstra inspirasjon at Frp saman med Høgre klarte å redusere eigedomsskatten neste år frå 3,2 til 2,7 promille. Og at vi i budsjettet for neste år også klarte å få med 1,1 millionar kroner til kjøp av lærebøker i skulen etter innspel frå Venstre. At det vart avsett midlar til planlegging av ny symjehall, nytt amfi i kulturhuset og skuleskyss, var svært positivt. Og vidare at det vart prioritert midlar til uteskulen på ungdomsskulen, ny gangbru over Aureelva, og vidareføring av midlar til Høbben, brøyting av Fasteindalen og midlar til sommarjobb for ungdom mellom 15 og 19 år.

Sjølv om det er fleire tenesteområde som sårt treng meir midlar, har Frp og Høgre i den samanheng starta ein viktig prosess. Mellom anna ønskjer vi å styrkje disposisjonsfondet for å kunne stå sterkare på å utvikle bygda vår i rett retning. Men då må vi ha pengar på «bok».

Skal vi som styrer lokalpolitikken lukkast, er vi avhengige av å få til gode relasjonar og etablere samarbeid mellom dei ulike partia, til det beste for våre sambygdingar. Etter mitt syn kan vi ikkje alltid vere så opptekne av dei politiske og ideologiske skiljelinene i kommunestyresalen. Er det saker til det beste for allmugen, så er viktig at vi kan samle oss, og ikkje ri prinsipielle kjepphestar.

Eg vil til slutt presisere at det under budsjettdebatten var ein god tone mellom politikarane i kommunestyresalen, og at det var fleire saker ein kunne samla seg om. Ja, til og med reduksjon av eigedomsskatten var alle parti samde om, sjølv om storleiken på reduksjonen varierte. Men under dei rådane økonomiske tilhøva vart det til sjuande og sist ein god sosial profil over neste års budsjett.