Ettersom næravisa Nyss den siste tida har vorte brukt som arena for skitkasting av både Senterpartiet og medlemar av partiet, vil eg gjerne kome på bana for å belyse ting frå ei anna side.

La ein ting være klinkande klart, mi deltaking i politikken er utelukkande for å skape eit betre samfunn. Eg er engasjert og ynskjer oppriktig at alle deler av Stranda kommune skal ha fornøgde innbyggarar. Etter dei siste innlegga frå Frank Sve, får eg eit inntrykk av at han regelrett skuldar Senterpartiet og meg personleg for å ville alle i kommunen vondt.

I mi korte periode som representant i kommunestyret og formannskapet i Stranda har eg hatt ei bratt læringskurve når det gjeld å forstå av politiske liv. Ja, eg er medlem av Senterpartiet og eg har mange kjekke partikollegaer. Av og til er vi helt einige, andre gongar er vi mindre einige, men først av alt er eg ein innbyggar i Stranda kommune, og har sagt ja til å være med i ein politisk periode. I første omgang ein periode. For meg er det heilt uinteressant i lokalpolitikken kva parti ein høyrer til, det som er interessant er kva vi ilag kan gjer for at vi lokalt kan ha det så bra som mogleg. Eg snakkar med alle i alle partia.

Når rådmann i Stranda legg fram eit budsjett på mange millionar i minus, som vi som folkevalgte må få i balanse, sei det seg sjølv at noko må kuttast. Og belte må strammes. Både Sve og eg ønsker oss ny Solbakken, ny skule på Stranda og ikke minst ny fleirbrukshall. Vi ønsker begge at vi kan bygge dette no, vi ønsker også at vi kan fjerne eigendomsskatten. No med ein gang. Helst for lenge sidan.

Då hadde vi begge vore strålande fornøgde. Men kvar skal vi finne pengane? 15 millionar kroner. Kvar skal vi kutte?

Eg er ikkje økonom og eg kan eller ikkje skryte på meg økonomisk utdanning. Men eg kan skryte av sunt vet, to opne auger og ein utmerka høyrsel. Eg har også ein god forståing av likviditet og pengeflyt og eg veit kva Stranda har å «rutte» med. Kva kan vi klare? Stranda kommune er i ein krevande økonomisk situasjon med bagasje som erfarne politikarar med lang fartstid, har vært med og fylle.

Vi har rett og slett ikkje pengar til alt no, uansett kor enkelt det kan høyrast ut for enkelte. Derfor har vi svært lite handlingsrom. Vi må forhalde oss til realitetane og gjer det beste ut av situasjonen.

Frank Sve skriv i sitt siste innlegg i Nyss, at representanten frå Geiranger snakkar på «inn og utpust» om ny blålysstasjon i Geiranger. Eller brannbilgarasje, som han kallar det. Kva politikar frå Geiranger og Stranda kommune hadde eg vore om eg ikkje framsnakka ein ny blålysstasjon i Geiranger? Veit Sve korleis stasjonen ser ut i dag? I dag er det ei garasje, ei veldig sliten garasje. Ei garasje som Stranda kommune har fått pålegg om å flytte ut av. Eit pålegg. Ikkje et ynskje eller noko ein lokal politikar kunne tenke seg, men eit pålegg. Ein ny stasjon MÅ plasserast i ras-sikkert område, og det er få alternativ i Geiranger til bygging av eit slik bygg. Frank Sve har vore medlem av formannskapet og blitt jamleg informert om prosessen og at den har teke veldig lang tid, og alle alternativ er prøvd ut.

Nesten 70 millionar kroner er mykje pengar – her er vi begge heilt einige. 70 millionar som vi kunne brukt på mange andre saker. Men har vi eit alternativ? Frå 01.01.23 blir det dagbøter om ikkje ein ny stasjon er under oppbygging, og helst på plass.

Eg synest Frank Sve bagatelliserer behovet for ny blålysstasjon og at han ikkje kjem med heile sanninga. Dette er ikkje snakk om ei garasje til brannbilen, men om ein lovleg brannstasjon, der i rekke krav og spesifikasjonar, krav som kjem frå Arbeidstilsynet, ikkje av ein lokalpolitikar som syns det er kjekt å få en ny garasje til brannbilen! I tillegg til brannbil vil denne blålysstasjonen også huse ambulanse og ambulansepersonell. Dette i samarbeid med helseforetaket som skal betale leige til Stranda kommune, ein god avtale som Frank Sve ikkje nemner med eit ord.

I budsjettet ligg det også planar om bru og veg til eit framtidig bustadområde, noko som hadde tvunge seg fram om få år dersom Stranda kommune ønskjer seg fleire fastbuande i Geiranger i åra som kjem. Å bagatellisere ein blålysstasjon i Geiranger er provoserande. Bygda innerst i Geirangerfjorden med få innbyggarar har også rett på god beredskap i forhold til brann og helse. At innbyggjarane føler seg trygge og sikre på kvaliteten av desse tenestene er naudsynt i dagens moderne samfunn. I tillegg er der årleg over 1 million reisande gjennom bygda, og på sommartid har vi 3000 overnattande gjestar dagleg. Fortener ikkje det vesle samfunnet i Geiranger ein blålysstasjon etter dagens krav? At eg må bruke tid på å argumentere for dette, viser at Frank Sve har null forståing for Geiranger som bygd og mengda med turistar og tilhøyrande situasjonar som kan oppstå.

Stranda kommune må sørge for at Geiranger får denne blålysstasjonen på plass snarast. Hadde vi hatt et billigare alternativ hadde vi gått for det, men slik krava er frå Arbeidstilsynet og andre instansar er dette naudsynt for å rigge oss for framtida.

Beste helsing til alle, frå Stein Lystad