Vi opna avisa Nyss fredag 18 november, der vi las eit innlegg frå hovudtillitsvalte for Skolelederforbundet til kommunepolitikarane, og kjente vi ikkje kan la vere å skrive noko om korleis vi har det innanfor helse og omsorg.

I same avisa der sto eit stykke frå dialogmøte om budsjettet. I dette tar dei fram at legesenteret har kosta meir enn det som var budsjettert med. Planen videre no er å få budsjettet i balanse og drive meir kostnadseffektivt framover. Vi er heldige som har legevikarer som kan ta imot alle som treng legehjelp, vi har BUAS som hjelper når du blir dårleg og ikkje klarer deg heime lenger. Vi har også her i kommunen eit tverrfagleg team som hjelper innbyggarane med å meistre kvardagen sin på ein god måte, både med heimesjukepleie, hjelpemiddel, tenestekontor og innsatsteam. Omsorgstrappa er implementert, og vi jobbar kontinuerleg for å gi innbyggarane god helsehjelp i alle ledd.

Antal menneske over 80 år kjem til å doble seg fram til 2035. Korleis skal vi ruste helse om omsorg til å ivareta alle desse? I følge helse om omsorgsplanen til Sykkylven kommune kan ein allereie i dag kjenne det auka trykket på helse og omsorgstenestene. Dei fleste bor i eigen heim til dei blir svært gamle, og om ein har behov for opphald i heildøgns omsorg så er opphaldet kortare no enn for nokre år sidan. Dette betyr at dei som får opphald i heildøgns omsorg har eit mykje større hjelpebehov enn for nokre år sidan og ofte er sjukare med komplekse helsetilstandar. I denne planen står det også at presset på kommunale helse og omsorgstenester vil auke på dei neste åra. Sykkylven kommune har relativt lavt tal institusjonsplassar, og dette kan vere ei utfordring for vi har relativt fleire eldre enn for gjennomsnittet for landet.

Vi er no bekymra for dei som jobbar i helsetenestene og alle dei som mottar denne tenesta. Den eine av oss jobbar i heimesjukepleia i Sykkylven kommune, den andre ved sone 2 på Sykkylven Bu og aktivitetssenter. I vår fartstid har vi fått hjelpe både små barn, ungdommar, psykisk utviklingshemma, menneske som har vore uheldige medan dei framleis er i yrkesaktiv alder, eldre og menneske som går mot slutten av livet sitt. Vi har fått hjelpe, trøyste, haldt einsame i handa og vore der når livet har tatt slutt. Vi, ilag med ein fantastisk gjeng av kollegaer har stått i dette over lengre tid. Vi har også kollegaer som jobbar på andre arbeidsplassar enn vår eigen, dette er dei som jobbar i Bu- og rehabiliteringstenestene. Alle som går på jobb her i kommuna kvar dag gjer ein fantastisk jobb for dei som treng det mest, for dei som ikkje klarer å utføre alle dagleglivets gjeremål sjølv lenger. Vi er stolt av å kunne vere i ei yrkesgruppe der vi får oppleve å hjelpe folk til ein betre kvardag. Vi er også stolte av å ha kompetanse til å lindre smerter ved livets slutt, og å kunne stelle sår så dei gror igjen. Å vurdere om nokon treng legetilsyn eller sjukehusinnleggelse er også noko vi gjer- kvar dag.

Vi ser no at Sykkylven kommune skal inn i ei omstilling, alle forstår at ein ikkje kan bruke meir pengar enn ein har. Men vi er redd for at slik vi driver i dag må effektiviserast enda meir. Dersom det skal sparast pengar innan helse, korleis skal vi klare det? Dersom det blir færre rom på BUAS, må fleire bo heime og det gir økt belastning på heimetenesta. Dette regner vi med ikkje vil tilføre nokon fleire tilsette eller økt budsjett for einingane.

Ifølge NAV manglar vi no 5900 sjukepleiarar og 2600 helsefagarbeidarar. Desse talla er forventa å auka dei neste åra, medan antal eldre, sjuke og pleietrengande også vil auke. Vi har alle nokon vi er glad i som blir eldre, og vi vil nok at desse skal få ei god og verdig behandling når dei får hjelp frå helsetenesta.

I Nyss 6. oktober las vi om Julianne Fauske som uttaler seg etter det blir bekrefta av kommunalsjef Ragnhild Hanken Skjong at det er lagt ned institusjonsplassar. Julianne seier der at: «Alle tiltak som blir iverksett for å ivareta pasientar er vel og bra, men det erstattar ikkje hjelpande hender». Der er vi einige, vi kan ikkje alltid erstatte hjelpande hender med teknologi, hjelpemiddel og innsatsteam. Det kan vere ein svært viktig bidragsytar for å sørge for at menneske kan bo heime lenger, og dermed unngå å vere på institusjon.

Derimot så har vi også ei endring i befolkninga vår. Vi lever lengre, og er ofte mykje sjukare med komplekse helsetilstandar. Desse krever oppfølging, medisinering og det må gjerast av menneske med riktig kompetanse. Utdanninga og opplæringa vi får er livsviktig for å ivareta menneske på riktig måte. Vurderingane vi gjer kan bety forskjellen mellom liv og død.

Vi jobbar tverrfagleg med ergoterapi, fysioterapi, tenestekontor, legeteneste, hjelpemiddelteknikar, dagsenter , velferdsteknologi med fleire. Dette vil ilag med helsetenestene sørge for god og riktig behandling til innbyggarane i kommunen, i dag og i åra som kjem.

Vår bønn til kommunepolitikarane blir derfor: Sørg for at vi kan oppretthalde det tilbodet vi har i dag innan helse for alle våre pasientar og kollegaer, for vi kan snart ikkje jobbe raskare, meir effektivt eller smartare utan å gi opp. Vi treng all den kompetansen vi har i dag til det beste for innbyggarane i Sykkylven kommune. Vi treng å styrke helsetenestene i åra som kjem, ikkje bygge dei ned.