Frank Sve lurer på kor «ferjepolitisk wonderboy» er i ferjesaka. Svar: Eg var på folkemøte på Åram.

Måndag arrangerte bygdefolket på Åram folkemøte om ferje. Over 150 personar i bygda hadde mobilisert. Eg var der saman med andre frå AP, Sp, H, KrF og V. Sve og Frp var ikkje å sjå.

Eg trur politikken blir betre av å reise rundt, sjå folk i auga og diskutere saker som folk er opptekne av. Det var slik vi i Arbeidarpartiet fekk løfta saka om halverte ferjetakstar. Først var det noko einskilde medlemer i Arbeidarpartiet arbeidde for. Så fekk vi løfta saka opp i fylkespartiet, inn i programmet til Arbeidarpartiet og så vart det nasjonal politikk. Etter et drygt år i regjering har vi snart fullført heile den store reforma. Det står i enorm kontrast til dei åtte åra då Sve og Frp huserte på Stortinget.

Og hadde du vore på Åram, Sve, ville du også høyrt den fantastiske innleiinga til Njål Sivertstøl, Vanylven Ap sin ordførarkandidat. Han tok valet om å flytte heim med familien, pendlar til Ålesund og han er 100 % avhengig av eit ferjetilbod som fungerer. Og no tek han kampen på vegner av lokalsamfunnet han og familien har vald å bli ein del av. Nokre gonger er det betre å møte heilt vanlege folk i staden for å skrive lesarinnlegg frå kontoret i Oslo. Du må passe på så du ikkje ender som Fantomet, Frank – Mannen som alle har høyrt om, men ingen har sett noko til!