«Daud fisk» føljer straumen.

Med ein slik metafor kan ein beskrive dei siste fire åra og noverande politiske bilde i Stranda politikken. Dette også i framtida om vår noverande ordførar slepp til i fire nye uår.

Med unntak av FRP føljer dei andre partia SP med Tryggestad i førarsete, Lydig, ukritisk og i tjukt og tynt.

Vi i Stranda tettstad må no få ei endring på Tryggestad sitt einevelde og favorisering av bygdelaga. Desse blir no finansiert med ei utarming av Stranda tettstad som sjølvsagt også er plassen der tyngda av befolkninga bur. Vi treng derfor no til komande kommuneval eit sterkt alternativ og ein motstraum til Sp sine feilslåtte økonomiske prioriteringar. Dette får vi berre til gjennom eit sterkt FRP som motpol til metaforen» daud fisk».

Stranda kommune må no ta inn over seg at storsamfunnet krev at vi skal klare å få til eit levedyktig samfunn på Stranda. Dette når vi har til rådigheit nesten ein halv milliard kroner som årleg innkome i kommunekassa.

Svara storsamfunnet gir oss når vi ber om meir økonomisk støtte, er at dei ber oss om å bruke verktøy som rasjonalisering, effektivisering, sentralisering og produsere økonomisk berekraft.

Med eit sterkt FRP vil og kan vi få til nettopp dette, og med sentralisering skal Stranda tettstad med omland vere satsingsområde innan skule, oppvekst, helse og omsorg og næringsutvikling.

Det må greiast ut forsvarlege og hensiktsmessige grensejusteringar i Stranda Kommune der innbyggarar dette råkar kan få ei betre og eit meir forsvarleg tenestetilbod i sin nye vertskommune. Ei utgreiing vil avdekke pluss og minusa, og om ei slik handling er samfunnsnyttig for Stranda Kommune. FRP ønskjer såleis at eit eventuelt økonomisk handlingsrom blir avdekka ved ei utgreiing ved grensejustering. Dette er heilt nødvendig i ein prosess der alle steinar skal snuast for å kunne rette opp kommuneøkonomien med den store lånegjelda.

Vi i Stranda kommune må no forstå rekkevidda og konsekvensen av det økonomiske uføret vi står i, og at dette vil påverke liva til strandafolket i ein omstillingsprosess.

Samfunnsutvikling og nye realitetar i vår kvardag er ein ustanseleg pågåande prosess sidan tidenes morgon. Derav har vår historie vist at nødvendige endringar i vår kvardag også kan gi oss moglegheiter for eit betre liv. Ved sentralisering vil ein styrke kvalitet og omfang samt fagmiljøa innan helse og omsorg, oppvekst og skule. Prisen for dette er att brukarane av tenesta må kome til der tilbodet er lokalisert, men samstundes gir dette kanskje ein meir sosial og utviklande gevinst når fleire samlast.

Alt dette skal vi alle forhåpentlegvis sikkert meine mykje og mangt om i eit engasjert strandasamfunn framover. Det er svært viktig at folkeviljen speglar av seg i dei politiske partia. Slik kan det vere ønskjeleg og tenleg med ei viss bredde i ei politisk plattform for å kunne gjennomføre slike omfattande endringar i struktur og drift av Stranda Kommune.

Men korleis enda så metaforen til straumen med «daud raudblå fisk»?. Jau fire år med farlege hasardiøse økonomiske stryk, så politiske krumspring i lumske administrative bakevjer, vidare ei hissig ferd gjennom eit grumsete farvatn i eit budsjettarbeid, som til slutt ei mørk natt enda med utbyttefest i ein utvida vassturbin hjå Tussa kraft.