I 12 år har Høgre på Stranda brukt si innestemme som støttehjul til SP og ordførar Tryggestad, der resultatet no er økonomisk havari og mildt sagt fortviling blant dei eldre for alle kutta innan eldreomsorga.

Pengane er vekk, ca. 160 millionar kroner i eigedomsskatt for å dekke 50 millionar kroner i akkumulert underskot er vekk. Det same er alle ekstramillionane kommunen har fått i Aquafond, meir enn 18 millionar kroner i desse åra.

Tidenes lågaste rentenivå og rekordoverføringar frå Staten er også skusla vekk.

Meir «innestemme» og samarbeid seier Høgre sin fyrstekandidat Einar Arve Nordang. Trur Nordang at det blir meir innestemme frå befolkninga etter kaoset politisk som dokke har vore med på?

I 12 år har Høgre «samarbeidd» med SP og resten av raudingane på Stranda, og støtta ordføraren og SP i absolutt alle saker.

I 2018 kom kommunen ut av ROBEK og eigedomsskatten skulle vekk, men Høgre stemte for å behalde denne.

Kutta som FrP foreslo i 2019–2020 og 2021 stemte Høgre imot, og fortsette stø kurs utfor stupet sjølv om kraftige åtvaringar frå økonomisjefen var klokkeklare.

Høgre har støtta absolutt alle investeringane i Hellesylt og Geiranger på meir enn 215 millionar kroner sidan 2018 og fram til i dag, no er det brått viktig å stramme inn.

For seint å snyte seg når nasen er vekk, Einar Arve Nordang.

No har dokke selt E-verket og alle framtidige mogelegheiter til jamn økonomisk tilgang på sårt trengde midlar er vekke.

Mogelegheita for å bygge ny sjukeheim og ny småskule samt fleirbrukshall er historie, og du manar til meir «innestemme»?

Var du på kulturhuset og høyrde innestemme til alle dei fortvilte eldre ang. resultatet av Høgre og resten av fleirtalet sin politikk?

Nei, det trengst eit politisk skifte no i Stranda kommune, og då må faktisk Høgre begynne å prioritere dei viktigaste sakene i Stranda kommune, og slutte å vere «redningsplanke» for SP og dei raud/grøne partia.

No har Høgre fått ny leiing lokalt og ny ordførarkandidat.

Høgre er hjarteleg velkomne til å samarbeide med FrP og såleis begynne å drive Høgrepolitikk igjen på Stranda.

Det greinelause som har skjedd dei 12 siste åra får vi ikkje gjort noko med no, men opprydding må til og demokratiet må tilbake i kommunestyret i Stranda kommune.

Gjerne med innestemme, men det trur eg rett og slett ikkje noko på, så lenge vi har eit styre med SP i spissen som setter demokratiske prinsipp til sides og køyrer over alt og alle.