Legesenteret igjen, sjølvsagt passa det fint rett før eit nytt kommuneval. Om duoen Utgård og Kaland har dette som bakteppe skal eg meine lite om, men eg registrerer at Olav Harald Ulstein tok imot denne lisse pasninga rett på pannebrasken.

Litt historie, eg minnast at det var stor misnøye med legesenteret, det vart derfor ei sak for kontrollutvalet. Rapporten som vart lagt fram var ikkje god lesing og det vart fatta vedtak om å utarbeide ein ny legeplan. Administrasjonen utarbeida ein ny plan, denne vart til sist behandla i kommunestyret der den vart samrøystes vedtatt (Ulstein inkludert). Administrasjon fekk så i oppgåve å sette i verk med arbeidet umiddelbart.

For å kunne sette i verk den nye planen var det nødvendig å reforhandle store deler av avtaler som kommunen hadde med legesenteret. Etter fleire rundar med forhandlingar kom ikkje legesenteret og kommunen til semje. Løysinga som administrasjon kom med var då å etablere eit nytt legesenter i kommunal regi i tillegg til det eksisterande. Alle kommunale oppgåver ville då bli lagt til dette legesenteret i tillegg til at pasientar som ikkje hadde fastlege kunne flytte dit. Då Hove hadde signalisert at han skulle gå av så var det ein føresetnad at lista hans vart gjort tilgjengeleg for ein ny lege. Kommunen bomma når dei trudde at lista til Hove kunne takas over vederlagsfritt, dette vart avgjort i domstolen seinare til fordel for Hove.

Det er rett som Ulstein seier at han og Frp jobba mot dette, unnsett saka vart greidd ut, under denne prosessen kom det tilbod frå Hove/Bhatia om at kommunen skulle få kjøpe legesenteret. Og då trudde vel alle at det va grei skuring. Men, nei. Skilnaden på krav og tilbod viste seg å vere så stor at det ikkje var grunnlag for å forhandle.

Under orienteringa i kommunestyret om dette, vart det vedtatt å ta inn nye personar i forhandlingsutvalet, ein av disse var Olav Harald Ulstein, dette vart gjort for å sjå om det var mogleg å komme fram til ei semje om kjøp. Forhandlingsutvalet kom til kommunestyret med ei forhandla fram avtale, der Olav Harald Ulstein hoverte framfor kommunestyret og han nærast tok æra for at ei avtale vart landa. Der ser ein kor enkelt det kan gjerast, for så i etterpåklokskapens namn kritisere kjøp av legesenteret, då han sjølv stod fram som frelsar når avtalen vart inngått.

Det var eit parti som stemte mot avtalen, Venstre, med underteikna og Kanutte Roald. Vi var sterkt imot et kjøp på dei vilkåra som låg føre. Prisen var for høg, senter skulle kjøpast 3 år fram i tid utan atterhald og kommunal innverknad, «gamle legesenteret» fekk halde fram med tilnærma same avtaler som før, og leigeavtalen skulle strekke seg fleire år etter kjøp. Venstre var under den meining at det å starte eit kommunalt legesenter var den beste løysinga, ikkje berre grunna element eg nemnde ovanfor, men at forholdet mellom administrasjon og Hove/Bhatia var så dårleg at det umogleg kunne la seg lege.

Min påstand er at uansett kva som hadde skjedd, om Hove/Bhatia hadde fått forsett som før, eller om det hadde blitt etablert eit nytt kommunalt legesenter, så hadde ikkje situasjonen med fastlegar vert annleis enn det er no. Alle som kan lese og som ønsker å forstå situasjonen har nok fått med seg fastlegekrisa i landet. Omtrent alle kommunar har underdekning på fastlegar og har like store utgifter og vikarbruk som Sykkylven.

Utgård og Kalland hevdar at sola skin på Stranda? Nedlegging av legekontor i Geiranger og Hellesylt, etter det eg har blitt fortalt så har Stranda aldri brukt meir pengar på legetenester enn dei gjer i dag, så noko nyansert er vel påstanden til Utgård og Kalland her.

Så til kostnader, samanlikna med tida Bhatia/Hove dreiv, var det aldri brukt meir ein ca. 8 millionar kroner, skriv Ulstein. Eg meiner det var meir når legevaktordninga var inkludert. På den tida av der det sjeldan meir ein 4 legar, legevakta gjekk 24 timars turnus og tok unna listepasientar på dagtid, kommune måte opprette eige laboratoriums på BUAS, also der ligg mange kostnader som Ulstein ikkje tek med i regnstykke sitt.

I den tida var det og mangel på legar, sjeldan var det meir ein 4 legar på senteret, kvifor? Når dei 4 faste legane hadde fulle lister med minimum 1500 pasientar per lege så sei det seg sjølv at det var umogleg å fylle opp legehjemler med berre nokre få tilgjengelege pasientar.

Det er nå 8 legar på senteret, ja vel ein treng ikkje store matematikk kunnskapen til å forstå at 8 legar kostar meir ein 4. Men som eg skreiv tidlegare i innlegget har dette skuld i legemangel og ikkje vanstyre og sløsing frå administrasjonen og politikarane (Ulstein inkludert).

Ulstein må gjerne legge fram regnestykket der han viser at et legesenteret med 8 leger + legevakt ordning kan klare seg med 8 mill. i overføringar frå kommunen. Eg tvilar sterkt på dei 3 sykkylvs legane på Stranda og andre legar i landet vil stå i kø for å komme hit, men kva veit eg.

FRP og Ulstein veit å nytte kommunale og offentlege saker som råkar og forargar publikum, det er ikkje noko nytt. Løysinga dei kjem er oftast enkle men manglar som regel ei finansiering, det er lett i opposisjon å sei kva treng og har rett på, jmfr. SP i regjering og når Frp var i regjering, men når ein kjem i posisjon og blir nøydde til å prioritere så er det ikkje så lett likevel, då er det godt å ha tidlegare leiarskap å skulde på.

Høgre, Ap, SP (lokalt) ønsker å sjå framover å finne konstruktive løysingar, men eg forstår ikkje kva dei ser etter. Det er ein gang slik at når etterspørsel er større ein tilbodet så blir prisen høg.

Etter mi meining er heile fastlegeordning utdatert og må endrast/fornyast. Staten må på banen med ei betre finansiering og arbeidstida til legane må bli betre. Det må leggast til rette for ei nasjonal ordning som er lik for alle kommunane i landet, gjerne med ein høgre sats i utkantane. Det må bli meir attraktivt å arbeide som allmennlege/fastlege, å reklamere med fjord og fjell er tydelegvis ikkje nok.