Leiaren i Transportkomiteen Erling Sande frå SP seier:

«Er det nødvendig med firefelts motorveg til alle dei store byane, og kor langt vekk frå Oslo treng vi jarnbane med to spor, spør Erling Sande (Sp), som sit i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget»

Men, Korleis i alle dagar heng dette i hop med at SP vil byggje Møreaksen, snart 400 m under Romsdalsfjorden, med firefelts verdsrekord i både undersjøisk tunnel og bru? For 2300 bilar, til mange titals milliard kr?

« Har leiaren i Transportkomiteen kløyvd tunge, når han er imot firefeltsveg der det bur mykje folk og med stor trafikk, men er for Møreaksen til 2300 bilar»?

Erling Sande og SP, dersom det er ufornuftig med firefeltsvegar der det faktisk bur folk og der det faktisk er trafikk, korleis går det då an å prioritere firefeltsveg på Møreaksen?

Leiaren i Transportkomiteen peikar på at følgjande prosjekt må utsetjast:

«Det er nokre av desse pengane Sande vil flytte på. Konkrete prosjekt han meiner kan utsettast i tid eller nedskalerast er mellom anna:

  • Ytre Intercity (Jarnbane med dobbeltspor Oslo, Halden, Lillehammer, Porsgrunn og Hønefoss).

  • Firefelts motorveg i Gudbrandsdalen (E6)

  • Firefelts motorveg i Trøndelag (E6)

  • Hordfast (E39)

  • Firefelts motorveg på Sørlandet (E18) (E39)

  • Bru over Sognefjorden (E39)

Sande presiserer at dei nemnde prosjekta «kvar for seg er gode», men at vegvedlikehald, rassikring og fylkesvegnettet hastar meir»

I Møre og Romsdal er vegvedlikeholdsetterslepet på svimlande 8–9 milliard kr på dei 3100 km med fylkesvegar, samt haugevis med dyre fylkesferjer.

Utbetring av E-136 Romsdalen har venta i 30 år på sine 2–3 milliard kr for utbetring av Eksportvegen for heile fylket.

Erling Sande, eg utfordrar deg som leiar av Transportkomiteen til å stoppe Møreaksen, heilt i tråd med det du uttalar deg om ang. andre liknande prosjekt.

Då kan du, eg, og resten av Transportkomiteen bruke dei 25–40 milliard kr som er planlagt på Møreaksen, til bygging av E-136 Romsdalen, utbetre vegane på land mellom ferjene som til dømes mellom Ålesund og Vestnes, ny E39 Blindheim- Breivika inkl. Veibustkrysset, dei mange rassikringsprosjekta i fylket, ny Strynefjellsveg RV15, Voldatunellen, Rovdefjordbrua, Sande fastlandssamband, RV 70, Langfjordkryssinga, Todalsfjordkryssinga, og sårt etterlengta vedlikehald av 3100 km med fylkesveg.

Likevel vil desse prosjekta eg nemner ikkje bruke opp alle pengane som er tiltenkt å bruke for å byggje verdsrekord i bru og undersjøiske tunnel på Møreaksen.

Erling Sande, no er det «vanlege folks sin tur» til å bestemme kva samferdselsprosjekt som skal prioriterast i Møre og Romsdal.

STOPP Møreaksen, det er folkets soleklare krav i Møre og Romsdal!