Har nettopp lese den nye boka til Eva Joly, internasjonalt kjend advokat, miljøforkjempar og korrupsjonsjeger. Sitat frå boka: «Mennesker har alltid fortsatt å ture fram, sjølv når de tar feil. Et hvert samfunn er motstandsdyktig – helt til det begynner å størkne på grunn av maktbegjær, arroganse, selvrettferdig idioti eller endringsvegring.

Men å vedgå feil før det er for seint, å endre kurs er «det mest motbydelege alternativet»! Vidare: Tilliten nordmenn har til maktapparatet avler spørsmålet om at tillit kanskje er like ille som det motsette som er mistillit. Sitat slutt.

Kan fòr mykje tillit føre til maktmisbruk og ansvarsfråskriving? Ho skriv også om det ho i boka kaller Den Norske «kosefjøsen» der maktapparat og byråkrati eser ut, ikkje for innbyggjarane, men for seg sjølv. Dei har likevel stor tillit frå tillitsfulle Norge. Men pass på. Om ein er inne i varmen og finn møkk under halmen blir ein fort kasta ut i kulden.

Hestane bitast i Stranda Kommune. I dag bitast hestane i Stranda Kommune som skuldast å vere lite transparent og imøtekomande. Sei «Robek» høgt i dag og veljarane blir overstrødd av forsvarstaler og meiningar om kven som sa kva, når og kvifor. Som å stikke eit strå ned i ei maurtue! No er det plutseleg ikkje måte på kva som blir lagt på bordet av brått høge og mørke lokalpolitikarar og tilfeldigheitene rår for veljarane. Underteikna inngår som dei fleste innbyggjarane i eit slags politisk kalkulasjonsgrunnlag, innbefatta lokalpressa. Politikera som kan å bruke «kalkulatoren» har ein reiskap til å skape sin eigen fasit i det kritiske spørsmål i det daglege er fòr fråverande.

Kven står bak vedtaka i Stranda Kommune? Stranda Kommune sig ned ei økonomisk sump. Vedtatte økonomiplanar med lovpålagde investeringar i bl.a. helse og utdanning er ikkje gjennomførte og store middel som IKKJE står i økonomiplanen er likevel brukt på andre ting, som kaibygging. Det eg som veljar spør meg sjølv om: «OK»?! Kven har i hovudsak vore med på vedtaka? Kven av partia har i hovudsak stilt seg bak?

Eit heilt budsjett kvile på ein person!

Vi aner berre ein forsiktig kritikk til Ordføreren frå Sp fordi han leverer frå seg budsjettet kort tid før avstemming. Dette viser vel noko av hovudproblemet koalisjonen slit med? Éin person lammar kommunestyret nesten fram til det skal stemmast. Ein aner ein lett panikk når denne maktfordelinga i praksis slår i mot uoppmerksame aktørar. Og dei svarer veljarane med å «klaske» Ordføreren lett på baken og fy-fy. Dei lest finne ein «syndar» i eit blodfattig forsøk på å unngå sitt logiske ansvar for dagens situasjon. Kvar står Stranda Kommune i dag og kvifor? Betimelige spørsmål frå ein veljar rundt veldokumenterte politiske resultat. Utan personbeskrivelser som ikkje koalisjonen sjølv har sett fingeren på. Forfattar slepp å dokument allereie synlege fakta, Nyss får sin «blåkopi» av verkelegheita og slepp å grave i det som allereie ligg framme i dagslyset. Nyt det fine vêret.