Eit forsøk på å bruke 10 millionar kroner to gongar, fører til eit liksomoverskot på 6,6 millionar kroner.

I budsjettet for 2023 til Stranda kommune, er det lagt inn 26 millionar kroner i utbytte frå salet av e-verket.

Den 23/12 gjennomførte ordføraren på sitt kontor ekstraordinær generalforsamling i e-verket, og tok ut eit ekstraordinært utbytte til drifta i 2022 på 10 millionar kroner.

Dette er 10 millionar kroner, av dei 26 millionar kroner som var frå før lagt inn i budsjettet for 2023, dette er bekrefta av dagleg leiar i e-verket og av økonomisjefen i kommunen.

Alle veit at pengar ikkje kan brukast to gongar.

Går ein i butikken den eine dagen med ein hundrelapp, brukar den på å kjøpe is, blir det lite is å kjøpe for denne hundrelappen dagen etter.

Så med andre ord gjekk Stranda kommune reelt med 3,4 millionar kroner i negativt driftsresultat i 2022. Dette etter å ha forbrukt i 2022 dei 10 millionar kroner som skulle stå i budsjettet for 2023, blir det sjølvsagt minst 10 millionar kroner som manglar i år også.

I budsjettet som vart lagt ut på høyring frå ordførar og fleirtalet med Sp, Ap og Høgre, mangla det 26 millionar kroner. Dette bekrefta også rådmannen.

Desse 26 millionar kroner «trylla» ordførar og varaordførar vekk natta før kommunestyret og la dette inn som «uspesifisert omstilling» under rådmannen.

I kommunestyret sist var det debatt om kva omstillinga faktisk var i 2023 og framover. Ein debatt om kva tal dette var, som ingen klarte å svare på.

Ein ting er sikkert, når verken ordførar, rådmann, økonomisjef eller resten av SP, AP, KrF, MDG og Høgre i kommunestyret faktisk ikkje er i stand til å les og forstå sitt eige budsjett, ja då går det sjølvsagt åt skogen.

Jøye meg, det blir tøffe tak for innbyggjarane og næringslivet framover i Stranda kommune.