Enda ein gong skal skulane og eldreomsorga i Stranda tettstad kuttast forbi beinet, radbrekkast medan varige strukturendringar er heilt fråverande.

Når eg les framlegg til kommunebudsjett frå rådmannen, ser det verkeleg ut til at Tryggestad enda styrer Stranda kommune, for så lite på påverknad har ikkje ein ordførar.

Nytt fleirtal, ny kurs, var lovnaden, men har Nordang eigentlig slept skjørtekanten til Tryggestad?

Alle veit at ein ordførar gjev sine styringssignal til rådmannen, tvers over gangen på rådhuset.

Når rådmannen då kjem med eit budsjett totalt blotta for strukturelle grep ved å samle tenester i Stranda tettstad, men heller varslar million på million i kutt i skule og eldreomsorga i Stranda sentrum, ja då er det på tide å vakne opp for innbyggjarane.

Ikkje rart folketalet går ned, og folk flyttar ut av kommunen, eg hadde ivertfall ikkje ville hatt mine ungar på skulane i Stranda tettstad etter eit slikt budsjett.

Som om ikkje dette var nok, så har rådmannen tenkt å «loppe» kassa til hamnevesenet med heile 12 millionar kroner.

Dette betyr at ei ny cruisekai på Stranda ikkje er råd å realisere, Stranda tettstad skal takast.

Betale attende i 2025? Kva planet er rådmannen på?

Vel i minne er bruken av snart 80 millionar kroner i brannbilgarasje i Geiranger og millionvis av kroner på fylkeskommunal ferjekai på Hellesylt. Ny skule til over 100 millionar kroner har også Hellesylt fått, sjølv om barnetallet stuper.

Men, Stranda tettstad skal takast!

No, ordførar Einar Arve Nordang, får du vise at det ikkje berre var ord, men vis i handling at du faktisk vågar å vere ordførar og ta varige strukturendringar også på Hellesylt og i bygdene, og faktisk få slutt på «SP politikken» ved å tømme kassa.