Budsjettet som SP og Høgre har vedteke, set heile pleie- og eldreomsorga fullstendig ut av kontroll. Kven skal ta seg av dei eldre på Stranda?

Dette kan ein verkeleg stille seg spørsmål om. Kutta er av so stort omfang at ein kan med handa på hjarte ikkje seie korleis dette skal kunne gå bra.

Sist år skulle administrasjonen kutte over 10 millionar kroner, dei ville legge ned Solbakken, utan nokon plan for bygging av ny sjukeheim på Stranda.

Dette gjekk slett ikkje bra, og heile budsjettet viser seg å vere urealistisk.

Lærte so administrasjonen, SP og Høgre noko av dette?

Nei, det gjorde dei ikkje!

No har ordføraren og Sp-gruppa, med full støtte frå varaordføraren og Høgregruppa, lagt fram eit budsjett som er vesentleg verre, og enda meir urealistisk å gjennomføre.

Kva er realiteten med utførelsen med omsyn til eldreomsorga her på Stranda?

Eg legg ved tabellen som viser galskapen, dette her kan ein rett og slett ikkje akseptere, og Frp kan absolutt ikkje godta ei slik rasering av pleie- og omsorgssektoren i kommunen vår.

Stranda treng ny giv, og eit nytt fleirtal. Dessverre har Høgre enda opp som eit verktøy for Tryggestad, og er mest opptekne av å støtte den feilslegne politikken til Senterpartiet og fleirtalet.

Høgre har stemt for absolutt alt som Tryggestad har lagt fram, utan kritisk blikk eller eigne standpunkt. Det ser ut til at vi ikkje har eit Høgre i Stranda-politikken, men eit underbruk av SP og eineveldet til ordføraren.

Side 30 i BUDSJETT 2023 ØKONOMIPLAN, 2024–2026 STRANDA KOMMUNE (tabell nedanfor).

Tabell. Foto: Innsendt