Etter at Sp og Ap i 12 år har køyrt fylkeskommunen regelrett økonomisk ut for stupet, er milliondrysset i fylkesbudsjettet frå Sp og Per Ivar Lied rett og slett tullepengar.

Absolutt inga fylkeskommune i landet har dårlegare økonomiske måltall enn Møre og Romsdal, som regelrett er arva etter Sp sin feilslåtte politikk.

Enda meir patetisk blir dette når Sp sin partileiar og finansminister styrer budsjettet i regjeringa, der Sp og Ap kuttar kraftig i budsjettet til fylkeskommunane.

Møre og Romsdal Fylkeskommune skulle fått sitt budsjett justert opp med deflatoren 4,3%,

Realiteten frå SP og co vart reduksjon på 1%.

Dette betyr at vi i fleirtalet i fylket må kutte 5,4% av eit totalbudsjett på ca. 7 milliardar kroner.

Gratulerer Sp og Lied, som strør rundt seg med tullepengar etter å ha påført fylket store økonomiske utfordringar.

Fylket har eit driftsfond på ca. 800 millionar kroner, av dette har fylkeskommunedirektøren og fleirtalet nytta 129 millionar kroner utav. Resten av fondet trenger vi til å demme opp mot regjeringa din voldsomme kostnadsvekst.

Regjeringa sin vanvettige politikk rammar vårt fylke brutalt, skyhøge skattar og avgifter, skyhøge drivstoff og straumpriser som kostar fylket hundrevis av millionar i ekstrautgifter, viser rett og slett Sp i praksis.

Så kvar Sp og Per Ivar Lied har tenkt å hente sine midlar som dei strør rundt seg med i øst og vest, veit ingen.