Dette spørsmålet fekk eg frå ei gruppe turgåarar, som eg trefte på her eine dagen, eller det vil sei, det dei eigentleg sa var, ja no er det snart val, og kva skal dokke love oss i år?

Eit godt spørsmål, som fekk meg til å tenkje, for det er klart at det er lett å gløyme kva du har vore med på siste fire åra, eller lenger tilbake for den saks skuld, og det er lett å vere fokusert på kva vi skal love i valprogramma, som i desse dagar skal ut i postkassene til alle innbyggjarane i Sykkylven.

Eg svarte sjølvsagt etter beste evne der og då, men tenkte at dette er heilt sikkert noko mange er opptekne av i desse valtider, der vi alle skal bestemme oss for kven som skal få vår stemme.

Sidan 2019 har Sykkylven Høgre vore ein del av ein fleirtalskonstellasjon i lag med Sp, V og KrF. Dette har fungert bra, vi har vore med å sette agendaen og vi har fått gjennomslag for mykje av vår politikk.

I september i år er det kommuneval, og Sykkylven Høgre som i dag har fem representantar i kommunestyret, håper på at vi etter valet skal verte ei større gruppe enn det vi er i dag, og vi har laga eit program som vi trur vil treffe svært mange av sambygdingane våre.

Noko av det vi har jobba saman med fleirtalskonstellasjonen og fått gjennomslag for siste fire åra, er m.a.:

  • Fleire sentrumsnære tomter, i tillegg til tomter ute i resten av bygda.

  • Bygging av ny sentrumsskule.

  • Ny rundkøyring i krysset ved Raus og Øvstetegane.

  • Opprusting av kommunale vegar i heile bygda, samt vinterbrøyting i Fasteindalen.

  • Satse på reiselivsutvikling, gjennom den nye Masterplanen.

  • Arbeide vidare med StikkUT

  • Ein god og verdig eldreomsorg, med eit spesielt fokus på demensomsorga.

  • Bygging av fleire bustadar for eldre i sentrum.

  • Gang/sykkelsti frå småbåthamna til Haugneset

  • Sikra at eigedomsskatten blir fjerna eller ligg på eit så lågt nivå som mogleg.

  • Rasjonell og effektiv kommunal drift.

  • Møteplassar og eit attraktivt sentrum, m.a. ved eit moderne bibliotek i sentrum.

  • Fleire møteplassar og tilbod til unge, som t.d. Høbben.

  • Etablering av minnelund.

  • Næringsvennleg kommune, med lav arbeidsgivaravgift.

  • Og sjølvsagt mange fleire små og store saker som kjem innbyggjarane til gode.

Sykkylven Høgre er godt fornøgd med det samarbeidet vi har vore ein del av dei siste fire åra, og vi ynskjer å gjere endå meir i den komande perioden, noko programmet vårt absolutt viser.

Vi har summert opp dei neste fire åra, i åtte grunnar for å stemme på oss. Heile innhaldet kan du lese på vår heimeside.

Overskriftene på desse åtte punkta er:

  1. Ein oppvekst med meistring og læringsglede

  2. Heilskaplege helsetenester – ei trygg og verdig eldreomsorg

  3. Berekraftig Kommuneøkonomi utan eigedomsskatt

  4. Skaparglede – Næringsvennleg Kommune

  5. Førebygging, inkludering og rask psykisk helsehjelp

  6. God infrastruktur og godt samarbeid i regionen

  7. Ein bra stad å bu – ein bra stad å besøkje

  8. Kultur, folkehelse og frivillig innsats

Godt val til alle!