I ei tid med rekordlav rente, rekordoverføringar frå staten, skyhøg skatteinngang, har SP prestert å bruke opp pengane på vanvittige prosjekt som har ført til raka blakk kommune, tomme fond og kommunen rett i ROBEK.

Dette er dessverre for deg og SP Petter Hjørungdal fakta, og eg forstår at slike fakta kan vere tungt å svelge.

Ja, det er fakta at SP har gjeve blaffen i Stranda tettstad som no kan sjå svært langt etter både ny sårt tiltrengt sjukeheim og ny Ringstad skule.

Ja, det er fakta at dei eldre på Stranda er svært bekymra over skakkøyrde økonomi og nedprioritert eldreomsorg som no igjen vert kutta av SP i budsjettet brutalt og heilt uansvarlig.

Ja, det er fakta at når dei ulike partia presenterte sitt valgprogram her i Nyss, så hadde ikkje SP eit komma om Stranda tettstad.

Ja, det er fakta at tabellane som vi fekk oversendt viser vanvittige store kutt i drifta innan skule og eldreomsorga, og tabellar klarer eg å både lese og forstå.

Ja, det er fakta at du og ditt parti og fleirtalet har måtte gje vekk på billigsalg arvesølvet, Stranda Energi as. Sjølv om dette er gjort er det også fakta at Statsforvaltaren forlanger at kvar ei kr i fond skal inn i budsjetta.

Med andre ord, kommunen har ikkje ei disponibel kr til å til dømes opprettholde legekontor på Hellesylt som du og SP alt har lagt ned.

Ja, det er fakta at det ikkje stod i protokollen at stillingsbetegnelse der rådmann brått vart kommunedirektør. Ikkje heilt lett å få med seg dette då, men eg beklagar at dette vedtaket vart gjort då eg fortsatt meiner at «Rådmann» er best.

Ja, det er fakta at det er du og ditt SP Petter Hjørungdal som må stå til ansvar for situasjonen som kommunen er i no.

12 år med SP i praksis har ført kommunen inn i ROBEK i eit tid der Kommune-Norge aldri har hatt betre økonomiske tider og driftsgrunnlag.

Så er det fakta at Stranda kommune trenger eit politisk skifte, der innbyggjarane ikkje trenger meir av SP sin medisin.

Og Petter Hjørungdal, den einaste som trenger å be om orsaking er nok du og ditt SP, som bør be alle dei eldre på Stranda om orsaking for at Stranda tettstad og dei eldre er kraftig nedprioritert.