Frank Kjøde stiller på lista til Frp og vil ha meir pengar i lommeboka si. Han vil ha reduserte skattar og avgifter. Halvere matmomsen, reduserte drivstoff prisar og ikkje minst straumprisar. Han vil ha max pris på 50 øre kilowatten. Han vil ha kontroll på renta, da gjerne lågast mogleg. Kontroll på konsumpris indeksen og kostnader som tappar lommeboka. Også formuesskatten, lakseskatten og ikkje minst eigedomsskatten vil han fjerne, for dette er skatt på skatt seier han i nyss fredag den 11 august.

Det er hardt å bli pensjonist Frank. Viss du og Frp hadde klart å innfri dette luftslottet, kvar vil du hente pengane som skal drive Norge frå, når du fjernar store inntekter til staten? Ta halvering av matmomsen, kvar vil du hente inn det staten skal gi frå seg av inntekter der? Drivstoff prisane er veldig knytt opp til oljeprisen, derfor er den dyr når oljeprisen er høg. Skal du ha maks pris på bensin også? Straumprisen vil du ha makspris på 50 øre enda du veit den ikkje er mogleg å kontrollere no når Frp klarte å få Norge inn i Acer og dermed er det Europa som styrer straumprisen i Norge og andre land. Kva med å produsere meir kraft Frank? Norge trenger mykje meir kraft i åra som kjem.

Vi må oppgradere straumnettet for å kunne flytte på straumen inne i Norge. Vi treng å vidareføre 420 mgw, kgw?, monsterlinja vidare sørover frå Sogndal for å knyte saman straumtransporten inne i Norge. Vi må produsere meir straum lokalt med småkraftverk som er lønnsame. Kva med å garantere at dei som produserer straum Frank, får ein garantert minstepris på 50 øre kgw? Då hadde vi fått mykje meir straumproduksjon og ikkje minst mykje meir skattekroner til dei kommunane som har gode kraftverk. Det hadde også så klart gitt ein rimeleg straumpris på sikt til forbrukarane, og overskotet kunne vi eksportert til utlandet. Korleis vil Frp fjerne eigendoms skatten i Sykkylven? Og kvar vil Frp hente inn dei tapte inntektene kommunen får frå denne skatten? Vi har ikkje eigendoms skatt her utan at vi er nøydde til det.

Svein Tore Sørgård vil at staten skal ta over utgiftene til helse og omsorg i kommunane, kor realistisk er det å love i eit lokal val? Når Frp faktisk sat i regjering og hadde mogelegheit å fjerne bom vegar som dei lovde før valet, så vart det faktisk berre fleire bom vegar i staden. Frp vil også bygge stupetårn i Haubukta og rive dagens symjehall og bygge ein ny ved kulturhuset. Eg berre spør, kvar vil Frp hente pengane frå som skal finansiere alle desse draumane dine Frank? Draumen om ei tjukkare lommebok. Frp sin politikk er eit stort luftslott som ikkje er mogleg å realisere det må da dei fleste forstå.