Kvart år i juni, i månaden for Stonewall-opprøret, markerer vi Pride. Dessverre kjem det også kvar juni kommentarar som spør om «dei skeive» kanskje har fått nok rettar no, om ein kanskje burde «dempe seg litt» og om «vi eigentleg må flagge så lenge».

For, som det blir hevda, «heterofile har jo inga parade», og «vi flaggar ikkje så lenge for Grunnlova». Nokre meiner til og med at all fokus på mangfald og Pride kan verke mot si hensikt! Det er ikkje godt å skjøne logikken bak slike ytringar. Men slike kommentarer provoserer. Og i år kjenner eg at eg blir ekstra sint.

For ingenting vi seier, skjer i eit vakuum. Så kva er konteksten, kva er røynda desse orda kjem i?

Ord fell i ein kontekst Jo, slike kommentarar kjem eit år etter at 2 menneske vart drepne og mange fleire skada, i eit angrep under Oslo Pride. Dei som vart angrepne, hadde ikkje gjort eller sagt noko spesielt. Dei var berre skeive.. No var dette åtaket i Oslo ikkje noko unntak. Tvert imot blir skeive oftare angrepe, med ord, never eller våpen, og det skjer over heile verda. Det blir rapportert om ei auke i både hets og vald mot skeive. Det er berre at vi som lev heterofilt, ikkje har skjønt det før. Vi har ikkje teke innover oss at andre faktisk ikkje veit om det er trygt å kysse kjæresten på åpen gate. Men no - no veit vi. Difor opprører det meg når folk “berre lurer på” om ein treng å flagge ved Pride. Berre det å spørre, blir ei form for mikroaggresjon. Altså ei handling som tilsynelatande er utilsikta og ufarlig, men som ber med seg diskriminering eller at ein ikkje tek diskrimineringa på alvor. Joda, vi menneske kan vere usamde, vi tenkjer ikkje likt om alt. Men når folk faktisk har blitt drept i Norge for å vere skeive - er det DÅ det er rett å spørre om ein bør flagge? Er det verkeleg då ein skal fokusere på alle små ting ein kan vere usamd i om Pride?

Kva er ditt fokus no? Er fokuset på at eit og anna flagg (for få!) vaiar i vinden - eller på om folk, barn og unge, har det trygt? Vi har nok å ta oss av, med å jobbe for det siste. Det er dessverre rikeleg med historier frå dei som fortel om utryggleik og uro i kvardagen. Så lenge den som er skeiv, ikkje kan leve utan diskriminering, bør dèt vere fokuset vårt. Så kanskje skal ein heller stille seg sjølv desse spørsmåla:

Kva bygd vil du ha? Kva for ei bygd vil eg leve i? Kva vil eg bidra med der eg bur? Eg veit i alle fall at eg vil ha ei bygd der vi ser på mangfald som eit pluss og ei kjærkomen drivkraft. Eg vil ha ei bygd der vi er samde om at her er det plass til ALLE! Difor oppmoder eg oss alle til å vise vår støtte for mangfaldet! Om det er ved å flagge, stemme i kyrkjevalet, seie imot stygge kommentarar, som lokalpolikar, ved å gå i parade - eller berre ved å vere eit realt og raust medmenneske. Ver med å vis kva bygd du vil ha - Happy Pride!