Gro Anita Sve, Antonina Kolodziejczyk, Ole Jørgen Sve, Per Kristian Støbakk og Frank Sve har skrive følgjande innlegg under tittelen «Veljarane er rundlurt!»:

«Aanning og co skulle ha ny kurs, dette viste seg å vere tidenes bløff der godt betalte verv var viktigare enn reell FrP politikk.

Takk Gud for at han ikkje vart ordførar, når vi no såg kva han stemte for i budsjettsaka for 2024 i formannskapet den 4/12-2024.

Stemte for rådmannen sitt budsjett i god kompaniskap med Sp, fortsetter tøm-kassa-politikken der Stranda hamnevesen no blir loppa for heile 12 mill kr, og ein kan sjå langt etter cruisekai på Stranda.

Skulane og SFO skal kuttast brutalt med meir enn 3,76 mill kr der sjølvsagt Stranda tettstad sine skular får hovudtyngda av kutta, totalt uforsvarleg også jamf. utdanningsforbundet.

Eldreomsorg, pleie og helse fortsatt 3 millionar i nye kutt, milevis frå FrP sin politikk, og er heller ikkje dette kuppmakarane gjekk til valg på.

Kontrakta med veljarane vart raskt broten. Dei tre som meldte seg ut av FrP gruppa viser med all tydelegheit at dei nok aldri har vore reelle Frp politikarar.

Trekk dokker frå urettmessige verv.

Dersom Aanning, Horremsbakk og Mork har snev av etikk og moral trekker dei tre seg frå alle dei verva dei urettvis har «kuppa» frå FrP. Disse verva har dei tre fått eller rettare sagt tatt, etter at dei i lenger tid har planlagt eit regelrett kupp av Stranda FrP.

Her har dei arbeidd iherdig for å få med seg ut av partiet så mange som mulig av andre passive medlemmar. Medlemmar som knapt nok har vist seg på eit møte i partiet, som brått no har så mykje mot det?

Vi utfordrar også Høgre, Sp, Ap og KrF om dei meiner det er rett at FrP har mista sine lovleg valgte politiske posisjonar. Det var FrP som parti som fekk posisjonane, ikkje privatpersonar.

Fleirtalet i kommunestyret kan nemleg når som helst gjere omvalg i alle utvalg, råd og styrer.

Verden skal bedras, men større svik overfor veljarane og innbyggjarane i Stranda som har stemt FrP skal ein leite lenge etter.

Elles er Steinar Aanning sin framtoning mot bygdelaga tendensiøst, noko mange innad i partiet har vore imot lenge.

Merkeleg at den som kjem frå det aller minste bygdelaget i kommunen, Fausadalen, skal oppføre seg slik.

Kravet om nedlegging av deler av Sunnylven skule frå den kanten viser dette, noko vi i FrP slett ikkje kan støtte, ei heller kutt innan skule i det heile tatt.

At Høgre sine foreldre/småbarnsforeldre kan finne seg i dette, forstår vi rett og slett ikkje, og vi oppmodar dei til å støtte FrP sitt budsjettframlegg.

Når FrP hadde ordførar i Stranda prioriterte vi skule, eldreomsorg, barnehage og helse i alle bygdelaga, noko som har vore partiet sine politikk der heile kommunen må takast med. Dette vil vi arbeide for vidare.

FrP sitt budsjettframlegg for 2024 med økonomiplan kuttar ikkje i skule, eldreomsorg eller loppar kassa til hamnevesenet.

Ved salg av A-aksjane i Tussa og reelle strukturendringar og prioriteringar, klarer vi dette med grep som ikkje er som å «tisse i buksa» men er varige og vil sørge for stabil økonomi.»

Tilsvar

«Uff, dette avisinnlegget viser og forsterkar berre at vår sjølvstendige slutning om å gå ut av Stranda Frp var det rette.»

Signert av Roger Horremsbakk, Steinar Aanning, Frode Kjetil Mork, Martin Espelund, Marit Helen Øye Aanning, Nils Jonny Eide, Claus Uwe Callsen, Sverre Jan Rønneberg, Rolf Magne Ness, Stein Arne Vadstein og Torill Ansnes.