Geirangerfjorden og landskapet rundt er blant verdas argaste og mest populære destinasjonar, og dette er det sjølvsagt viktig for kommunen og næringslivet å utnytte. Men som kjent vil Geirangerfjorden i praksis stenge for cruisetrafikk i 2026. Slik det ser ut no, vil også Sunnylvsfjorden, og dermed cruisekaia på Hellesylt, verte råka av stenginga.

Dette vil i realiteten seie at Stranda Hamnevesen KF vil stå utan hamneavgift og andre inntekter frå 2026. Dette vil sjølvsagt ramme Stranda kommune, då eit ikkje ubetydeleg utbytte har vore ei god inntektskjelde for kommunen. Ein annan konsekvens er at arbeidsplassar både i hamnevesenet og i servicenæringa knytt til cruiseturismen står i fare.

Samstundes les vi stadig at fleire bygder og tettstadar legg endå meir til rette for cruise. Vi ser mellom anna auka satsing i Stryn, Olden, Loen, Nordfjordeid, Åndalsnes, og i Ålesund. Endå til i Sykkylven snakkar dei om cruisekai.

Cruiseoperatørane planlegg fleire sesongar fram i tid, og sesongen 2026 er nok på det næraste klar.

Eg mistenker at om operatørane først har funne seg samarbeidspartnarar i andre kommunar, so er dei mykje godt tapt for Stranda Hamnevesen, iallfall i føreseieleg framtid.

Scenarioet per no er då at cruisegjestane vil kome med buss frå alle kantar til kommunen vår, i langt større volum enn det har vore til no. For det som er heilt sikkert, er at dei vil til Verdsarvområdet i Geiranger. Det einaste vi i Stranda vil sete att med er ein enorm busstrafikk med tilhøyrande kaos og forureining, og berre smular økonomisk.

Difor er det heilt nødvendig at vi snarast mogleg finn alternative løysingar når fjorden stengjer.

Forskjellige forslag har vore framme. Mellom anna har det vore lufta idear om Seawalk på Stranda. Det vi veit, er at historisk sett kan det vere ønske om både fire og fem båtar i fjordområdet samstundes. Dermed vil ein Seawalk berre kunne demme opp for litt av behovet.

Stranda Høgre meiner difor tida er overmoden for å greie ut moglegheit og kostnadsbilde for ei fullskala cruisekai i Stranda sentrum. Dette vil gi turistane moglegheit til å oppleve området på ein meir berekraftig måte, det vil kunne bidra til å spreie turisttrafikken til større delar av kommunen, og vi vil sørgje for å behalde ein stor del av inntektene i kommunen.

Ein gong i nær framtid ser vi for oss at private aktørar opererer relativt små, utsleppsfrie sightseeingbåtar i hopetal på fjorden, på same måte som til dømes Future Of The Fjords og Vision Of The Fjords som går på Nærøyfjorden. Dette vil gi oss heilt nye moglegheiter, og vil kunne verte ei kjempenæring i kommunen!

Men då er det essensielt at vi beheld cruiseskipa i fjorden.

Stranda Høgre meiner det no er særs viktig for Stranda kommune å finne alternative løysingar for turistnæringa. Vi kan ikkje risikere å verte akterutsegla (bokstaveleg tala), eller sete at med skjegget i postkassa. Som turistkommune må vi vere i førarsetet med begge hendene på rattet. No må vi altso vere proaktive, og sørge for at cruiseskipa iallfall kjem til Stranda kommune, om vi ikkje får dei heilt til Geiranger.

Vi er klar over at bygginga av ei fullskala kai vil krevje betydelege investeringar. Men vi meiner det kan vere ei god økonomisk investering for framtida, ei god investering for miljø og klima, samstundes som det vert eit vere eller ikkje-vere for Stranda Hamnevesen.