Ordføraren føler behov for å kommentere litt dei siste dagars avisoppslag rundt for dårleg strøing i Stranda kommune. Det kan sjå ut til at her er litt misforståing ute og går.

I Stranda kommune er det kommunestyret som vedtek budsjett. Vi vedtek budsjettrammer som kommunedirektøren skal forhalde seg til, i dimensjonering av drifta. I og med at vi driv rammebudsjettering så gjeng ikkje kommunestyret inn i detaljar verken på kor ofte det skal grusast, eller kva pålegg som skal stå på frukostbordet på institusjonane våre, det er kommunedirektøren sitt ansvar.

Ordføraren kjem til å be om månadlege rapportar til kommunestyret for å kunne følge opp budsjettet, det er ei stor omstilling vi står over for, men dette skal vi klare.

Det er korrekt som opplyst at ramma på Næring og teknisk vart redusert, og arbeidet til politisk og administrativ leiing i kommunen framover våren skal ende opp med detaljane på korleis budsjettmålet skal nåast. Vi har her fleire element som skal greiast ut.

Vegane skal strøast på same nivå som tidlegare, og vegane skal no vere strødd. Ein vil likevel oppmode alle om å nytte godt fottøy for å unngå å skade seg. Det er ofte små marginar, og vi vil at alle har det trygt og godt. Med den kulden vi har hatt siste dagane kjem det fort eit islag på gruskorna også så ein lyt gå med varsemd.

Avslutningsvis vil eg ynskje alle eit godt nytt år.