Det er viktigare enn nokon gong å forstå tida vi er leiarar i. Vi må bu oss på endringar og utfordringar i smått og stort.

Verdssituasjonen er utfordrande. Vi har natur- og klimakrise. Det er krig i Europa og i Midtausten. Vi får mange flyktningar til landet, økonomien vert påverka og usikkerheit rår på fleire område.

Utfordringar og moglegheiter

No på nyåret har Statsforvaltaren sendt ut eit brev med nasjonale forventningar til kommunane i fylket. Kommunane har høge forventningskrav både frå myndigheiter og innbyggarar.

Den demografiske situasjonen med fleire eldre og færre yngre, gjer det krevjande å innfri krava fullt ut. For å møte dei samansette utfordringane må kommunane sjå på nye arbeidsmetodar, og på bruken av tilgjengeleg kompetanse og arbeidskraft.

Korleis ser kommuneleiinga for seg å leie kommunen og innbyggarane sine gjennom tida vi står i no? Å vere bevisst dei store rammene, kan gi gode svar på prioriteringane for framtida.

Kriseforståing og konsekvensar

Den tryggingspolitiske situasjonen har på kort tid blitt vesentleg endra. Det å bygge opp kommunane sin kriseforståing og beredskap må prioriterast.

Flyktningstraumen i Europa og Norge gir nye oppgåver og press på tenestetilboda i alle kommunar. Totalt har det kome ca. 4600 flyktningar frå Ukraina til Møre og Romsdal. Utfordringane er samansette med å finne husvære, helsetenester og skuletilbod.

Vi er imponerte over den enorme innsatsen kommunane gjer kvar dag, for å følgje anmodningane frå IMDI.

Økonomiske utfordringar og samarbeid

I Møre og Romsdal lyser det raudt i mange kommunar sine rekneskap og økonomiplanar. Kommunane våre har den høgste lånegjelda i landet, og er sårbare for den høge renta. Her må både posisjon og opposisjon i kommunestyret ta større ansvar. Stort bruk av disposisjonsfond og å få stor lånegjeld er ikkje oppskrifta på ein berekraftig kommuneøkonomi.

Eit betre strukturert interkommunalt samarbeid kan bidra til berekraftige velferdstenester og meir utviklingsdyktige kommunar. NIVI Analyser har kartlagt interkommunalt samarbeid i fylket. Kommunane har mykje å hente i slikt samarbeid, om dei jobbar strukturert og målretta.

Statsforvaltaren vil støtte opp omkring arbeidet med å vidareutvikle strukturerte interkommunale samarbeid også framover.

Berre i fellesskap, gjennom samarbeid, kan vi nå måla. Vi må vere opne om utfordringar, og gjere kloke val i lag.

Statsforvaltaren ser fram til eit godt samarbeid og god dialog med kommunane i fylket i 2024.