«Vi har rett og slett ikkje pengar til alt no, uansett kor enkelt det kan høyrast ut for enkelte. Derfor har vi svært lite handlingsrom. Vi må forhalde oss til realitetane og gjer det beste ut av situasjonen»

Seier Stein Lystad i eit tilsvar til underteikna ang NM i svindyr brannbilgarasje i Geiranger.

Det er heilt korrekt Stein Lystad, og egentlig bra at du har oppfatta at vi ikkje har pengar til alt no.

Derimot er det fantastisk at du framsnakkar bruk av 70-80 mill kr til brannbilgarasje i Geiranger samt fylkeskommunal ferjekai i Hellesylt, samtidig som du og SP kuttar brutalt innan eldreomsorga.

Kva er det du egentlig seier Stein Lystad?

Kommunen har ikkje pengar, handlingsrommet er lik null, men 70-80 mill kr til brannbilgarasje i Geiranger og fylkeskommunal ferjekai er heilt logisk?

God avtale med helse midt?

Du seier du ikkje er økonom, og det er ei ærleg sak.

Men, det trenger ein slett ikkje vere for å forstå at Strands kommune IKKJE skal bruke innbyggjarane sine skattepengar til subsidiering av Helse Møre og Romsdal HF, ei heller Møre og Romsdal fylkeskommune.

At du meiner at desse tiltaka er viktigare enn nødvendige eldreomsorg , pleie og omsorgstjenester der SP heller kutter 11,2 mill kr i eldreomsorga og legg ned omsorgsbustadar, seier litt om dine og ditt parti sine prioriteringar.

Er du Stein Lystad kommunestyrerepresentant for heile Stranda kommune, også for dei eldre i Stranda som føler kutta på 11,2 mill kr?

Vist er eg klar over at Geiranger trenger ei ny brannbilgarasje, men slett ikkje ein stasjon på linje med det som blir bygd i kommunesenteret rundt omkring. Geiranger kan som alle andre bygdelag her i fylket bruke hovudstasjonen i kommunesenteret til det meste anna, enn akkurat garasje.

Ny garasje trenger Geiranger, men ikkje til 70 mill kr.

Stein Lystad og SP sin politikk, vil etterkvart også ramme pleie og omsorg, skule og barnehage også for Geiranger, for som Lystad sjølv seier,

«Vi har rett og slett ikkje pengar til alt no, uansett kor enkelt det kan høyrast ut for enkelte. Derfor har vi svært lite handlingsrom. Vi må forhalde oss til realitetane og gjer det beste ut av situasjonen.»