Regjeringa har varsla innstramming i rammene til ny NTP med bakgrunn i det økonomiske handlingsrommet, NHO her i fylket lever i eiga drømmetåke, og prioriterar vegprosjekt til mellom 100-150 milliardar kroner.

Realisme og seriøs tilnærming til ny nasjonal transportplan er heilt blåst vekk for NHO her i fylket, der dei i sin iver for «Møreaksenklanen» kastar under bussen heile Exportvegen E-136 samt E-39 Veibust til Moa.

Når NHO i Møre og Romsdal har så grunnleggjande mangel på samferdselskompetanse, burde dei slett ikkje bevist dette i praksis.

Gryteklare prosjekt.

NHO viser til at «Møreaksen» mellom Ålesund og Molde er såkalla gryteklare og må prioriterast i fyrste 6 års periode som eit samla prosjekt.

Realiteten er at Møreaksen frå Vestnes og forbi Molde til over 26 milliard kr er utsatt minst i 8 år av Statens vegvesen og strekninga E-39/136 frå Ålesund til Vestnes er foreslått tatt heilt ut av NTP dei neste 12 åra pga manglande planlegging og nødvendig prosjektering.

Kva gryteklart snakkar NHO om?

Og, ei samla utbygging fra Moa til forbi Molde vil garantert ligge samla sett over 50 milliardar kroner.

NHO viser vidare til at Halsafjordkryssinga og HAFAST må prioriterast i siste del av NTP.

Fakta og realisme her er at desse to prosjekta ikkje er i nærheta planleggingsmessig til å kunne kome i posisjon i NTP i det heile dei neste 12 åra, og kvar NHO har det ifrå at dette er realisme veit ikkje eg.

Desse to prosjekta vil garantert samla ligge til ein kostnad på, etter mitt begrep, mellom 50-100 milliardar kroner, pengar som sjølvsagt ikkje finnast i denne NTP-perioden for vårt fylke.

Prosjekta må gjerne jobbast vidare med då dette er fornuftige bruprosjekt, men ei realistisk tilnærming er likevel avgjerande.

Dødsvegen E-39 Veibust- Blindheim- Moa i samband med Borgundfjordtunellen i tillegg til Exportvegen E-136 Ålesund - Bjorli, fylkets viktigaste vegar.

Desse to prosjekta samla har eit økonomisk behov på mellom 5-10 milliardar kroner, og er meir en krevande å kunne få inn på ein ny NTP og då trenger vi slett ikkje useriøse «tullepengeforslag» frå NHO.

Ut over dette har vi både ny RV15 Strynefjellet med arm til Geiranger, Voldatunellen, RV 70 mange tiltak, ny E-39 forbi Batnfjorden for å nevne noko, som samla sett er betydelig meir viktigare en « galskapens prosjekt Møreaksen»

Nei dette var begredelig lesning frå NHO.

Rett og slett trist at næringslivet sine reelle transportbehov for sikre og trygge exportvegar inn og ut av fylket, blir skusla vekk av å prioritere Møreaksen, eit prosjekt folk og næringslivet i heile fylket, verken trenger eller på nokon måte vil ha.