Nyss hadde for ei tid tilbake tre saker om nullutsleppsvedtaket i verdsarvfjordane. Eit med styreleiaren i Stranda Hamnevesen, Per Erik Dalen, som overfor kommunestyremøtet gjorde det klart at regjeringa ikkje vil utsetje nullutsleppsvedtaket, og såg for seg tilnærma full stopp i cruisetrafikken til Geiranger frå 2026. Dalen håpar i staden på ein blå korridor til Hellesylt og kai på Stranda. Kai på Stranda stod også høgt på ønskelista i lesarinnlegga til Joachim Langlo og Frank Sve.

Det er kanskje ufint å mistenke dei for at det er ei slik utvikling dei drøymer om – stopp i cruisetrafikken til Geiranger, og ei opning for meir cruisetrafikk til Hellesylt og Stranda. Men tvilen er der, og eg har ofte undra meg over strategien til spesielt Stranda Hamnevesen. Dalen, Langlo og Sve ser samtidig bort frå at cruiserederia kanskje løyser utfordringane med nullutslepp om ikkje altfor lenge. Krava til cruisenæringa om å redusere klimagassutsleppa er aukande på verdsbasis, og reiarlaga må finne ei løysing dersom næringa skal ha ei berekraftig framtid. I eit slikt perspektiv er det lite klokt å byggje ned den infrastrukturen som er bygd opp rundt cruisenæringa i kommunen i dag, og gjere nye, store og risikofylte investeringar.

Vi kan unngå full stopp i cruisetrafikken på Geirangerfjorden med utgangspunkt i vedtaka som Stortinget har fatta. Det som derimot er sikkert er at verdsarvfjordane vil stå overfor ei stor utfordring allereie i 2025, då det såkalla Tier III kravet trer i kraft. Tier krava rettar seg i første rekke mot lokal forureining, og er lettare å forsvare enn nullutsleppsvedtaket. Vi ser allereie at det mindre omfattande Tier II kravet har ført til redusert trafikk i verdsarvfjordane i 2022 og 2023, og kommunen må belage seg på eit nytt fall i 2025. Det store spørsmålet er kva som skjer etter 2025.

Stortinget har gjort vedtak om at det framleis skal vere cruisetrafikk i verdsarvfjordane etter at nullutsleppsvedtaket trer i kraft i 2026. Sjøfartsdirektoratet har på denne bakgrunn foreslått at skipa som går på naturgass (LNG) skal få bruke biogass i verdsarvfjordane i ein overgangsperiode på 10 år. Dette gjeld mange av dei nyare fartøya, og gjev grunnlag for framleis cruisetrafikk i Geirangerfjorden.

Det vert arbeidd for at dispensasjonen må utvidast til også å omfatte flytande biodrivstoff (biodiesel). Det vil gje ei opning for dei fleste cruiseskipa som vitjar norskekysten, under føresetnad av at dei sett i verk miljøtiltak som tilfredsstiller Tier III kravet. Får vi gjennomslag for dette kan vi kanskje unngå at fallet i cruisetrafikken i verdsarvfjordane frå 2025 til 2026 vert altfor stort.

Det er innseglinga i Geirangerfjorden om bord på eit cruiseskip som er trekkplasteret for cruiserederia, og som vil sikre kommunen aktivitet og inntekter i framtida. Det er derfor uheldig at fleire av dei sentrale aktørane i kommunen har eit anna fokus i denne saka.