«Denne Stranda»

Orda har gitt gjenklang langt utanfor bygda og kommunen, og var også meint som slagord for ein kampanje med formål å «etablere ei slagkraftig eining som arbeider langsiktig og systematisk med viktige oppgåver for strandaindustrien».

Dessverre er initiativet lagt på is. Årsaka er at den nødvendige kapitalen ikkje vart nådd.

Primært handla prosjektet om arbeidskraft til industrien, som på noko sikt reknar med at behovet kanskje vil vere bortimot eitt tusen personar.

Synleggjering

Eit interimsstyre har hatt som formål å legge ein plan for «organisering og drift av ei ny verksemd som skal skape vekst og utvikling i Stranda». Interimsstyret tok mål av seg å etablere eit selskap der hovudtanken var å hjelpe bedriftene med rekruttering. Og ikkje minst; synleggjere kva Stranda kan tilby dei som ynskjer å bu og arbeide i kommunen.

Kanskje var den ambisiøse tanken i meste laget. At eit tiltak som dette kunne fått positive ringverknader, finst det knapt grunn til å dra i tvil. Å skape meir aktivitet på fritida, har vore eit tilbakevendande tema. Nettopp derfor ville eit utviklingsselskap truleg kunne skapt liv og røre på ulike område, sommar og vinter.

Fleire turistar

Det blir snakka, om ikkje høgt, om aktivitetar for å trekke fleire turistar. Bygda har sterke turiststader ikkje langt unna, noko ein også kan få dokumentert med eit blikk på alle bilane/bussane som kryssar fjorden med ferja. Innafor eit etter måten snevert geografisk område passerer det fleire tusen bilar/bussar dagleg i sommarmånadane.

Tenk berre om Stranda kom med på dette eventyret!

Lyspunkt

Når dette er sagt, skal det også seiast at det finst lyspunkt. Også innan reiselivet. I dette bildet spelar Strandafjellet hovudrolla. Fleire titals tusen kjem årleg hit som passasjerer frå cruiseskip ved kai i første rekke i Ålesund.

Kanskje kjem personane bak ideen om utviklingsselskapet tilbake – når isen smeltar.

I alle høve vil «Denne Stranda» leve vidare.