I løpet av kort tid skal Sykkylven kommune bestemme at vi skal skape eit nytt medisinsk senter i staden for legesenteret i Haubukta.

Eit medisinsk senter er ein viktig samfunnsinstitusjon. Det har vorte vanleg i Norge bruke namnet til sentrale og viktige personar for å namngi slike sentrale institusjonar.

Når vi då skal lage dette medisinske senteret, har vi samstundes høve til å heidre ei føregangskvinne i vår lokale historie. Denne kvinna er Marie Aase.

Marie Aase var ei kvinne som sette spor etter seg i bygda vår. Ho var den første kvinna i Sykkylven som utdanna seg som sjukepleiar. Ho vart utdanna i tida 1913 til 1914. Det var ei tid då tuberkulosen herja i landet vårt, og ho kom attende til Sykkylven og tok raskt tak i kampen mot denne sjukdommen.

I fleire tiår var Marie Aase den einaste helsearbeidaren i Sykkylven. Først midt i 1930-åra fekk Sykkylven lege i bygda. Fram til då var det Marie Aase som hjelpte dei sjuke, og som brukte lege Bastian Weiberg Aurdal i Ålesund som samtalepartnar når han var i bygda i helgene.

Marie Aase var ikkje berre sjukepleiar og helsearbeidar. Ho var levande oppteken av levekåra til folket i bygda, og ho informerte både om smittevern, hygiene og matvanar for å førebyggje sjukdommar. I så måte kan vi kalle henne ein helse- og sosialarbeidar lenge før det omgrepet var oppfunne.

Midt i 1930-åra gjekk kvinnene i Sykkylven saman for å skape ei rein kvinneliste til kommunevalet. I 1937 vart Marie Aase vald som den fyrste kvinna i heradsstyret i Sykkylven.

Det nye senteret bør bli noko meir enn eit legesenter. Her bør vi samle alle tenestene som skal skape eit godt liv for innbyggarane i bygda vår. Derfor er det mitt syn ingen som fortener meir enn Marie Aase å få namnet sitt på eit slikt senter. Ho er ei kvinne og heltinne å sjå opp til.

I mange bygder finst det statuar av staute og byrge menn. Kanskje skal vi sette opp ei statue av ei flott og respektert kvinne framfor vårt nye medisinske senter? Såpass bør vi koste på oss – og kvinnene!