På torsdag kom vi frå ein vellykka vaksinasjonsdag ved legesenteret i Sykkylven. Vi hadde nokre ærend i sentrum før vi skulle ta bussen tilbake til Sørestranda. Men det vart ein skikkeleg nedtur å kome til busshaldeplassen.

Det var fin temperatur, litt vind og litt regn denne dagen, men det vart likevel ei trasig oppleving då busskura ikkje gav noko vern mot vêr og vind. Der er jo berre nokre smale sideveggar, veggane skulle vore like langt framme som taket. Og då vi skulle prøve å trykke oss saman inn i eit hjørne for å unngå å bli våte, så var ikkje det mogleg for der er det plassert ei bosskasse på veggen. Benken var dyvåt og vi vart våte. Vi vart rett og slett sjokkerte over at dette tydelegvis berre er eit finvêrsskur. Nei, takke meg til dei gamle skura.

Dei som har tatt avgjerda rundt desse nye skura bør setje seg ned der ei stund og sjå sjølv korleis dei fungerer. Der er ikkje plass til folk. Ein må hugse på at det er mange eldre, barn og ungdomar som tar buss. Det hjelper ikkje å oppmode folk om å ta meir buss når ein berre kan bruke desse jåleskura på finvêrsdagar.