Regjeringa har levert framlegg til ny opplæringslov. På nytt blir nynorskelevane diskriminerte. Politikarar i nynorskkommunane Stranda og Sykkylven  må engasjere seg. Og ikkje minst må stortingspolitikarar frå Møre og Romsdal kjempe for nynorskelevane.

 Stortinget må lovfeste at alle læremiddel og såkalla læringsressursar (appar og andre program) laga for bruk i skulen finst både på nynorsk og bokmål – til same tid og til same pris. Berre slik kan vi sikre nynorskelevane ei like god opplæring som bokmålselevane.

Alle norske elevar har lenge hatt rett til læremiddel på eige språk. Men slik har det ikkje vore i praksis. Med digitaliseringa, der penn og papir i stor grad blir bytte ut med PC og padde, forverrar situasjonen seg. I løpet av ein skuledag er elevane innom ei lang rekkje digitale læremiddel, læringsressursar, appar og verktøy – og berre eit fåtal finst på nynorsk. Både elevar og lærarar, ikkje minst i kommunane våre, er fortvila over den uhaldbare situasjonen.

Trass i enkelte positive element i lovframlegget, står mykje att. Nynorskelevane er ikkje andrerangs elevar. Dei har rett på like gode opplæringsvilkår som bokmålselevane. Kunnskapsministeren har svikta. Difor må Stortinget gripe inn på vegner av nynorskelevane.

Lova skal vedtakast i vårsesjonen etter behandling i utdanningskomiteen på Stortinget. Lokalpolitikarar og Møre-benken må ta ansvaret sitt. Det hastar!