Det er ei stor skam å lese det som Roger Hofseth lirar av seg til Tor Waaler, med omsyn til lokalitet Urdaneset (Skafjellet) i Nyss 11/4.

Jau, de har inngått ei avtale om å jobbe for å flytte anlegget!

Vi var fire personar på møte hos Hofseth i Uksvika i mars 2021. Desse var undertegnede, Tor Waaler, Harald Sørheim og P.K Støbakk. I tillegg møtte Svein Flølo, Andre Skarbø og Roger Hofseth.

Hofseth lovde då å kome tilbake med svar på moglegheitene for flytting innan tre veker. Men som alt anna, berre tomt prat. Hofseth sin advokat kom på banen, med svada og bortforklaringar. No har det gått over eitt år, og vi konstaterer at det einaste Roger Hofseth kjem opp med er trakassering av Tor Waaler og hans tidlegare arbeidspraksis. Mannen er pensjonist og fortener ikkje oppgulp frå deg, sjølv om de er usamd i sak. Forhold deg til realitetane i saka! Viss du har gløymt desse, skal eg gje deg ei kjapp innføring:

Hofseth plasserer anlegget ved Skafjellet 1500 meter frå utløp Strandaelva. Dette er alvorleg skadeleg for villaksstamma i Strandaelva, som attpåtil er raudlista. Når smolten (laksyngelen) forlèt elva på sin vandring mot havet, treff dei rett på anlegget «Urdaneset». Dette er katastrofalt! Dei går rett inn i ein lusefabrikk og dør viss dei får lus. Mattilsynets regelverk tilseier at avstanden skal vere minimum 2.500 meter. Når du uttaler at du jobbar for villaks, vert eg kvalm og uvel.

Når eg kontaktar Mattilsynet etter å ha mottatt godkjenninga av anlegget, viser det seg etter å ha pratet med tre saksbehandlarar, at dei er heilt klar på å ha saksbehandla Urdaneset, der Urdaneset ligg på kartet. Altså mykje lenger ut i fjorden. MEN, fordi koordinatane i søknaden stemmer med noverande plassering (Skafjellet), kunne dei lite gjere. Dei skriv også i godkjenninga at viktige ting i søknaden mangla ved behandling, men vart ettersendt. Min påstand vert då at koordinatane mangla ved behandling. Dette førte til den såkalla navneforvirringa.

Vår kjære ordførar laug også så de rann av han i kommunestyret då vi skulle ta opp igjen høyringsuttalen. Han hevda at Kystverket hadde sett ned foten ved Urdaneset. Etter å ha snakka med Kystverket, stadfester dei at dei berre har saksbehandla området der anlegget ligg i dag.

Det er ei stor skam at Roger Hofseth og ordførar Jan Ove Tryggestad, må ty til løgn for å dekke over raseringa av villaks og sjøaure i Storfjorden, grunna lakselus. Det er også for meg ubegripeleg at Stranda Kommune, som har delegert miljømynde frå Statsforvalteren, ikkje nemnde Strandaelva og laksen med eit ord i høyringsuttalen frå Kommunen. Kriminelt!

Så slutt å mobb andre, og slutt å lyg!