Varige strukturendring må til i den kommunale drifta, meir kutt innan skule og eldreomsorg er ganglaust.

Krybba er tom, og no startar den årvisse dragkampen for å få snikra i hop eit budsjett i Stranda kommune.

Innbyggjarane har gjennom valet gjeve Høgre og FrP mandat til å styre kommunen dei neste fire åra, med dei prioriteringane som valbrosjyrane viste.

Vallovnadane må no gjennomførast, dette betyr at å fortsette å lappe på ei drift som er kunstig oppgira må stoppast, og varige driftsendringar må gjennomførast.

Medisinen til SP har vore å leite med lykt og lupe etter «friske midlar» tømme alle fond, selje e-verket og tømme framtidige generasjonar sitt arvesølv, samt forsøk på å loppe havnevesenet.

Ein slik politikk må stoppast ein gong for alle, det er no på tide med varige, økonomisk berekraftige tiltak som sikrar fast og stødig drift framover.

Det MÅ byggjast ny sjukeheim og omsorgsbustadar på Stranda, for å kunne få til dette må fonda aukast og drifta til havnevesenet sikrast.

Frå og med 2025 går cruiseanløp til vårt område drastisk ned og til null i 2026. Då går det 4–5 år så er kassa til havnevesenet tom.

Pengane til havnevesenet må no investerast i å få bygd Cruisekai på Stranda slik at trafikken til Geiranger blir nokon lunde oppretthalde.

Slik sikrar ein at Stranda kommune om 4–5 år ikkje får nye utfordringar ved å dekke eit underskot i drifta til havnevesenet på om lag 10 millionar kroner årleg.

Alternativet er at havnevesenet kvitter seg med gjelda ved å bruke eigenkapital, då drar ein ned risikoen betydeleg, men får altså ikkje ny hamn og sikrar vidare cruisetrafikk.

Uansett, alle strukturendringar som kan gjerast, må gjerast dessverre. Dette betyr å samle tenester for å sikre forsvarlege tenester for våre innbyggjarar.

Tida for kriseutbytte, fortsette med å tømme alle kasser som tømmast kan, held rett og slett ikkje mål.

Etter å ha vore på synfaring på brannbilgarasjen i Geiranger på 1000 kvadratmeter, er eg skaka. Ikkje rart kommunen er omtrent konkurs. Enda verre er «fantasiane» om kommunal ferjekai på Hellesylt til om lag 150–250 millionar kroner, der kommunen har sløsa vekk 5 millionar kroner alt.

5 millionar kroner som kunne vore brukt til svært mykje anna i denne kommunen som faktisk er kommunalt driftsansvar.

No må ordføraren vise at det var rett av innbyggjarane å gjennomføre eit skifte i politikken i Stranda, meir av medisinen til Sp trenger ingen no.

No trenger kommunen handlekraft til varige grep, tøffe grep men heilt nødvendige for å sikre ein langsiktig stabil kommuneøkonomi.