Når to sentrale einingsleiarar ikkje kan å lese og forstå sine eigne budsjett.

Ingen treng lure på at eg kan lese budsjett og forstå kva eg les, men makan til skyllebøtte frå to einingsleiarar har eg ikkje opplevd mot politiske prosessar og parti.

Hadde Frp teke feil så kunne eg nok akseptert å bli irettesatt. Våre tall er ikkje feil, og det er ikkje vi i FrP som har laga budsjetta og summert den samla effekten av innsparingane.

Vist er det planlagt kutt med effekt på 6.799.996 millionar kroner for Ringstad skule, og dersom nokon ikkje klarer å lese dette så skaff dykk nye briller.

Eg er faktisk litt lei meg, for at dei to einingsleiarane ikkje har lest og forstått alvoret som står i tabellen under. Dette er rett og slett ille når det står at ein sliter med i skulen både trakasering, vald og der lågare bemanning vil få store konsekvensar.

Foto: Privat

Det samme gjelder kutt i innleie av vikar og vakansar, som summert er på heile 5.141.835 millionar kroner samla effekt.

1,2 mill kr i kutt innan vaksenopplæring står der også, i tillegg til kutt innan Stranda ungdomsskule og vaksenopplæring på samla.

6.292.192 million kr samla effekt.

Kunne klipt inn tabellane her også, men vi kan heller la einingsleiarar få i heimelekse i å finne sine eigne tall trur eg.

Og, dette ang flyktningane taler for seg sjølv, ingenting er her verken klart eller dokumentert.

Så blir eg litt meir alvorleg.

Der er ein grunn for at einingsleiarane som opptrer på vegner av rådmannen, ikkje er politikarar, og kan heller ikkje være dette.

Når Paul Ivar Pedersen og Agnes Havnen går ut i eit frontalangrep i politiske ordskifte, så gjer dei dette på vegner av rådmannen, og i rådmannen sin stad.

Dette er ei grovt illojal handling, spesielt overfor rådmannen som ikkje har godkjent dette, eller som kan lastast for desse politiske raud/grøne utspela frå Pedersen og Havnen.

Eg aksepterer ikkje at dei to einingsleiarane går inn i den politiske debatten i rådmannen sin stad.

Dei to einingsleiarane har i realiteten to valg, forholde seg til regelverket og la rådmannen få være rådmann, og la politikarane ta seg av politikken og det folkevalgte arbeidet, eller å rett og slett finne seg noko anna å gjere, umiddelbart !

Det hadde nok for Pedersen og Havnen vore lurt å lest seg opp litt, brukt litt meir tid på eige budsjett og ivertfall gjort eit forsøk på å forstå dette.

Dersom det står slik til hjå einingsleiarane i Stranda kommune ang sine budsjettkunnskapar, forstår eg brått veldig godt kvifor Stranda kommune har eit omstillingsbehov på mellom 50-100 millionar kroner.