Det er ikkje greitt at 4.420 av 7.630 sykkylvingane ved siste årsskifte ikkje hadde fastlege. Mellom desse er Per Ringdal som står fram i Nyss og fortel at han har hatt problem etter at kommunen tok over styringa av legesenteret. Han har hatt rundt ti legar dei siste tre åra. Og det er på ingen måte greitt korkje for Per Ringdal eller tusenvis av våre andre sambygdingar.

Etter at fleirtalet i Sykkylven kommunestyre vedtok å etablere kommunal legeteneste for å spare 450.000 kroner, var det mange av legane som følte seg dårleg behandla både av kommuneadministrasjonen og av einskilde som sat i kommunestyret. Dette resulterte i at fleire av våre dyktige fastlegar marsjerte ut av dørene på legekontoret. Dei fann vegen over fjellet til Stranda.

Politikarane som var med på å fryse ut legane vil no i ettertid ikkje å stå fram i Nyss for å gi ein kommentar etter at kommunen sit att med Svarte-Per og bruk av fleire ekstra titals millionar kroner.

Framstegspartiet med Olav Harald Ulstein i spissen var klar på at han var imot etablering av eit kommunalt legesenteret, og han har seinare stått fram i Nyss og sagt at saka er ein skandale og at kommunen må be om unnskyldning til legane som tidlegare har arbeidd på legekontoret.

Mange vart forbausa då det var politikarar som gjekk inn for to legesenter, eitt privat og eitt kommunalt. Kva som låg bak ein slik intensjon var ikkje lett å forstå.

Eg er samd med vår nye kommunedirektør som no vil sjå framover, og eg vonar at ho får til konstruktive løysingar. Dei som klarte å rasere legetilbodet sit framleis stille i båten, utan å gjere eit einaste forsøk på å rette opp tidlegare feil. Kanskje dei no skulle stått fram for å beklage at dei ikkje forstod rekkevidda av sine vedtak.