I alle år har Skulegata forbi Asbjørn Loland As, Gjensidige og Power, vore ein akilleshel for trafikantane. Det har vore nærast ei einvegs-gate å rekne. Parkerte bilar har stått på eine sida og elles plass berre til ein bil i ei køyreretning. Mang ein gong har eg måtte rygga tilbake for å sleppe møtande bilar forbi, eller at varetransport har blokkert heile vegbreidda.

Mange har ytra seg opp igjennom åra om at det skulle vore tatt litt av «banktomta» til å lage breiare veg og plass til parkering. Det er mange næringsdrivande i dette området. Så endeleg tenkte eg, no skal det bli ei brei flott gate bortover då eg såg anleggsmaskinane hadde jamsa ned heile tomta ved banken. Etter nærare augesyn såg eg at det var sett opp murkantar, som fekk tankane til å gå i retning blomsterbedd! Er det mogeleg, tenkte eg! Tomta til banken er vel rikeleg stor nok til eit såkalla grøn lunge sjølv om ein hadde teke 3-4 meter til veg og parkering?

Nord om bankbygget er eit reiskaps- hus også fjerna. Der er det rikeleg plass til ein grøn plett eller trivsels-område. Eg har ikkje noko i mot at det skal sjå fint ut i sentrum, men kommunen har vel rikeleg nok med å stelle og vedlikehalde det som frå før finns av grøne plettar?! Eg har i ettertid høyrt rykte om at det skal plasserast ei scene og hengekøye der? Kven i all verda skal kvile middag der? Særlig i vinterhalvåret! Kven er det som finn på slike løysingar, er det dyre landskapsarkitektar? Dette er heilbom etter mi meining.

Ser ein på gata frå Kiwi-bygget forbi P. P. Lyshol As, er det naturleg å fortsetje med same vegbreidde og vidareføre denne heilt bort. Dette er ei av dei mest brukte gatene i Aure-sentrum og no var her ei mogelegheit å gjere noke med det, slå to fluger i ein smekk, både trivsels-område og ei fin gate. Det er lite trivsel i å måtte irritere seg grøn hovudet kvar gong ein skal ferdast forbi denne parken i åra framover. Sentrum kan ikkje berre ha grøne lunger, ein må legge til rette for ein at det vert praktisk og lettvint for dei som skal drive kommersielt også og dei som skal kome seg fram.

Legg ved eit bilete som til ein viss grad illustrerar korleis gata kunne blitt.

No er eg like spent på korleis kai-området kjem ut til å sjå ut, der ein gjekk vekk i frå å byggje eit «operatak», som kunne ha blitt til noko spesielt, og mest sansynleg ei betre plassering også. Det som skjer no er at ein berre dreg den «gamle godsterminalen» lengre opp og lengre mot midten av området. Ei tilsvarande kasse som vil stengje for utsynet mot sjøen i større grad enn om «operataket» kom. Er veldig spent på kva resten av området skal nyttast til? No først vert det spanande å sjå korleis den nye «Bankplassen» blir og korleis den vert brukt og korleis han ser ut om nokre år. Utrulig feil val av dette området! Kommunen eig området og likevel ikkje nyttar denne mogeligheita til å få til ei flott gate her - heilt utruleg!