Skuffande og overraskande, det er dekkjande for det eg tenkte då eg høyrde at Stranda kommune likevel ikkje vil gå inn i eit vegselskap for utbetring av flaskehalsane mellom Viset og Sjøholt på FV 650.

Skuffande fordi dette er ei vegstrekning som på langt nær tilfredsstiller krava ein må kunne forvente i dag. Overrraskande fordi denne vegen utvilsamt er av stor betyding også for Stranda kommune sine innbyggjarar og ikkje minst for næringslivet i Stranda. Det er berre å studere tungtransporten som kjem med ferja  til Gravaneset og køyrer vidare gjennom Stordal og utover langs fjorden til Giskemo for å kunne slå dette fast. Skuffande  og overraskande var det også fordi eg har oppfatta det slik at Stranda ville stå fast ved det årelange vegsamarbeidet.

Men på sitt kommunestyremøte i desember, avslo Stranda kommune vår invitasjon om å vere med å danne eit vegselskap som skulle ha til oppgåve å få framdrift i utbetringar av strekninga Viset – Sjøholt FV 650.

FV 650 er ein livsnerve for næringsliv og busetnad for bygdene på indre Sunnmøre. Trafikken på FV 650 har vore sterkt aukande, og vegen fungerer som ein indre stamveg for mykje av næringstrafikken på Vestlandet. I tillegg er vegen mykje nytta til turist – og fritidstrafikk, både sommar og vinter. Etter at Stordalstunnelen og Dyrkorntunnelen vart realisert, står det att eit vegstykke mellom Viset og Vestre som har svært dårleg standard.

Kommunane Norddal, Stordal, Stranda og Ørskog arbeidde i mange år tett saman for å kome i posisjon for utbetring av FV 650 mellom Viset og Sjøholt. I 2015 vedtok kommunane Ørskog, Stordal og Norddal at det skulle skipast eit eige vegselskap som skulle arbeide spesifikt for ei realisering av denne oppgraderinga. Stranda kommune gjorde også eit intensjonsvedtak om å delta i dette vegselskapet. Kvar kommune vedtok gå inn med kr 250 000. Ørskog kommune vart tillagt oppgåva med å få stifta dette selskapet. Av ulike grunnar vart dette ikkje gjort.

Fylkeskommunen, som er vegeigar, har rådd til at utbetringa må skje innanfor rammene av eit sjølvfinansierande prosjekt, og det vart sendt søknad om dette i 2021.Stranda kommune slutta seg til denne søknaden, og samferdselsutvalet gav si tilslutning,

Fjord kommune har stått i front for å kome vidare med arbeidet for dette utbetringsarbeidet, mellom anna for endeleg å få etablert det vegselskapet som kommunane allereie i 2015 hadde intensjonar om å få på plass. I samforstand med Stranda har Fjord kommune hatt fleire møte med representantar frå Ålesund. Det er bygdene i Stranda og Fjord som i størst grad lir under den dårlege vegstandarden , men sidan dei aktuelle strekningane no ligg i Ålesund kommune, var det avgjerande å få Ålesund med på laget. I desember gjorde Ålesund kommunestyre heldigvis vedtak om å gå inn i dette selskapet – og held dermed fast på det vedtaket Ørskog kommune i si tid gav. Ålesund stilte som vilkår at også Stranda gjorde tilsvarande positivt vedtak.

Eg fekk med meg deler av debatten då Stranda kommunestyre diskuterte denne saka, og noterte meg med glede at der var røyster som trekte fram kor viktig denne vegen er, både for næringslivet i Stranda og for mange innbyggjarar som tilhøyrer Stranda kommune. Somme trekte også fram verdien av at bygdene sto saman om å få på plass ei vegutbetring som vil styrke regionen. Å støtte kvarandre og ha blikk for kvarandre sine behov, er i seg sjølv ein viktig verdi i eit distriktsutviklingsperspektiv, tenkjer eg.

Det vart av fleire hevda at økonomien til Stranda kommune ikkje tillet at Stranda går inn i eit vegselskap.

Sjølv om Nyss skriv at Fjord kommune sin invitasjon om deltaking i eit vegselskap vart møtt med ei kald skulder i kommunestyret i Stranda, så noterer meg likevel at det i vedtaket er ei viss opning for at kommunestyret i Stranda kan revurdere standpunktet sitt - om økonomien i kommunen skulle betre seg.

Så no er det berre å håpe på at kommunepolitikarane i Stranda - av omsyn til næringsaktivitet, busetjing og samarbeid i regionen vår vil gi dette ein ny sjanse. Noko anna vil vere heilt uforståeleg!