Kva skjer når vallokala stenger måndag klokka 20.00. Når valresultatet er kjent, vil dei ulike partia ha respekt for resultatet, og det andre parti har oppnådd?

Eg har vore med i kommunestyret i snart 30 år, og kjent på kroppen korleis det er å vinne valet, for så i neste omgang bli «fråteken» premien i form av innflytelse. Eg har sett uverdige spel i såkalla hestehandel, og eg har sett fantastiske politikarar ta det så tungt at dei aldri har dukka opp i kommunestyresalen igjen. Slik kan vi ikkje ha det i Sykkylven, vi må vise kvarandre meir respekt. Skal vi halde på det gode politiske klimaet som vi har, har alle eit ekstra ansvar etter valet. Alle parti har stått på, og gjort ein stor innsats i valkampen. Då er det viktig at alle føler at dei får som fortent i forhold til valresultatet. Høgre svevar høgt på meiningsmålingane, og skulle dei bli største partiet i kommunen, bør dagens ordførar tre til side, og gi Høgre moglegheita til å danne eit fleirtal, og få ordføraren. Som ordførarkandidat for Framstegspartiet vil eg og mitt parti då stille oss bak, og støtte Høgre.

Det samme vil eg gjere med også dei andre partia. Dette handlar om respekt for både veljarane, demokratiet og andre politikarar.

Det som blir spanande, er om andre parti vil vise den same respekten, vil til dømes Høgre gjer det?

Stem gjerne for eit rettferdig valoppgjer, stem Framstegspartiet.

Godt val!