Turisme er ei viktig næring i Stranda kommune, og den viktigaste destinasjonen i kommunen vår er Geiranger. Her får vi kvart år over 300.000 turistar som kjem sjøvegen og 600.000 kjem landevegen. Det er vel ikkje ein einaste kommune på Vestlandet som ikkje kunne tenkt seg å ha Geiranger på kommunekartet, men no er vi, som har Geiranger på kommunekartet, fortvila.

Som kjent så har Stortinget gjort vedtak om at alle verdsarvfjordar skal vere utsleppsfrie frå 2026. Vår frustrasjon gjeld forskrifta som gjekk ut på høyring 3. juli i år. Stortinget bad i vedtaket i 2018 og 2022 om at vi både (I) skulle gjere verdsarvfjordane utsleppsfrie og (II) sikre cruisetrafikk og reiseliv i verdsarvområda, både før og etter 2026. Etter Stranda Høgre sitt syn så sikrar forskrifta berre det første delen av vedtaket.

Vi meiner at når Sjøfartsdirektoratet i høyringsutkastet går inn for at biogass er den einaste energiberaren som kan nyttast, så kan dei like godt stenge fjorden fysisk. Når regjeringa utgått av AP og SP legg fram eit slikt høyringsutkast, samtidig med at dei seier dei skal ta heile landet i bruk (Meld. St. 27 2022-2023), så vitnar det om ein arbeidsmetodikk med motstridande målsetningar for kvart departement.

Den folketalsnedgangen som KMD i praksis legg opp til, vil KDD slite for å kompensere. Ikkje ein gong opning for at skip skal kunne gå igjennom verdsarvområdet og legge til kai i Hellesylt utanfor verdsarvområdet er vurdert. Det er nesten like meiningslaust som om at rutefly ikkje får flyge over Geiranger. Om vedtaket vert som foreslått i høyringsutkastet, vil effekten vere, at vi går frå over 300.000 cruiseturistar til ingen frå og med 2026.

Det er cruiseturismen som sikrar heilårs busetnad i Geiranger. Dei første båtane kjem i midten av april, og sesongen varer fram til oktober. Turistar som kjem landvegen kjem på eit mykje kortare tidsrom. Hadde det ikkje vore for den vitamininnsprøytinga cruisefarten utgjer for det lokale næringslivet, er eg overtydd om at vi ikkje hadde hatt like mange fastbuande i Geiranger som vi har no. Den største trusselen for Stranda kommune i åra som kjem er folketalsutvikling, det gjeld i alle bygdelag i kommunen vår. Vert dette høyringsutkastet vedteke, er vi overtydd om at situasjonen vert forverra.

Vi treng ikkje «hjelp» frå regjeringa til å gjere situasjonen verre. Høyringsutkastet vil heller ikkje føre til mindre forureining i området då cruisebåtane som til no gått direkte til Geiranger, vil gå til andre hamner rundt oss, og kan transportere cruiseturistane til Geiranger med gamle dieselbussar.

Spørsmåla mine til kommunalministeren er: (I) Er distriktsmeldinga meint som ei festtale? Og (II) Kva kompenserande tiltak kan Stranda kommune rekne med i åra som kjem om styresmaktene vel å strupe cruisetrafikk til verdsarvområda?