Dette sjølv om det dryp litt i begeret mitt i nesten kvart kommunestyremøte, og ved mange av dine ytringar på nettet.

Budsjettet som vart vedteke i Des 2022, vart ikkje godkjent av Statsforvalteren. Dette etter ei klage frå Frp, vart Stranda satt i Robek.

Etter pålegg frå Statsforvalteren måtte SP og Høgre prøve på nytt på å produsere eit lovleg, realistisk og eit balansert budsjett. Dette i lag med administrasjonen.

Vi andre partia og formannskapet vart satt på gangen i prosessen.

Vi var uvitande heilt til sakspapira kom ut før Kommunestyremøtet. Først Der på møte skulle vi få innføring i forståelsen og hensikta med budsjettet.

Dette vart utført av økonomisjefen bak kateteret, som i tillegg delte ut ny lektyre til sine elevar.

Økonomisjefen har no i ettertid funne seg anna arbeide.

Eg ytra då frå talarstolen at ekskluderinga av formannskapet i budsjettprosessen var sterkt kritikkverdig, då målet til SP og Høgre syntes å vere å produsere tidsnød og uvitenheit rundt budsjettet.

Dette vart også forsterka av det rådmann ytra på førehand, at politikarane skulle inkluderast i planlagd dialogmøte. Dette vart det aldri noko av.

Budsjettet vart stemt fram av alle parti, unntatt av Frp.

Frp med Aanning, Ansnes og Horremsbakk sendte inn klage på ny, ikkje Frank Sve som Hjørungdal antydar.

I Statsforvaltaren svarte :

Vi meiner at budsjettsaka kunne vore grundigare utgreidd og gitt ei meir heilskapleg oversikt. Dette ville gitt kommunestyret eit betre grunnlag til å fatte vedtak på. Under tvil slår vi likevel fast at saksutgreiinga ga eit tilstrekkeleg grunnlag.

Stranda ligg minst 7 mill. over i inntekter for 2023. I eit allereie stramt budsjett, vil det vere lite realistisk at Stranda kan forvente å få slike inntekter.

Framtidig utbytte vil vere usikre, likevel vurderer Statsforvaltaren det som vanskeleg å gjere ei vurdering av realismekravet. Det er etter vår vurdering at vedtaket i sak 039/23, er noko høgt.

Kommunen har 6,6 millionar på disposisjonsfondet som kan gå inn i 2023 budsjettet for å dekke opp ubalanse i økonomiplanen for 2024 og 2025. Kommunen sin økonomiske situasjon gir ekstra grunn til å følgje tett opp.

Statsforvalteren støtter med sitt svar, meg og mine i Frp. Det var god grunn til å tvile på SP og H sitt budsjettarbeid.

Når dette er sagt Petter, må eg føye til at etter eg vart gruppeleiar i Frp, har vi prøvd å forme ei politisk gruppe som samla skal styre Stranda på ein ny nødvendig kurs.

Frank Sve er svært viktig for oss. Han er kunnskapsrik og støttande i vårt arbeide. Alle parti ville ha hatt ein slik kapasitet på sitt lag.

Vi har alle ulike personlegheiter og veremåtar. Det mangfaldet av politikarar som er innvalgt i kommunestyret, skal du og eg leve med.

Vi skal utøve gjensidig respekt, toleranse og samstundes må vi tole våre ulikheiter i friske og engasjerte politiske ytringar.

Så heilt til slutt Petter oppfordrar eg deg til å ta ein sup, så ikkje begeret ditt renn over.