Det er litt merkverdig at når eg i eit innlegg i Nyss spør ordførarkandidaten til Stranda Ap, Knut Dag Langeland, om partiet står bak kritikken 10. kandidat Tor Waaler har retta mot verksemda til Roger Hofseth, så er det Waaler som gir svar, medan Langeland er taus. Waaler må sjølvsagt få meine at Hofseth og oppdrettsnæringa er ein pest og ein plage. Dei som derimot ynskjer at havbruk skal verte enda viktigare for verdiskapinga på Sunnmøre, bør stemme på andre parti enn Ap ved kommune- og fylkestingsvalet 11. september.