Det er nesten ikkje til å tru. Går det verkeleg ann å lage ei annonse der varaordførar og ordførar skal selge inn bygda for å skaffe ny rådmann utan å nevne Strandafjellet som eit av landets beste og største skidestinasjon og heilårs turistdestinasjon?

Og, ikkje minst det mest aktive utbyggingsområdet i kommuna med utbygging i mange hundremillionersklassen.

Cruisebilder og Geiranger er sjølvsagt med, sjølv om Geirangerfolket krangler om å få fjerna cruiseskipa, men Strandafjellet blir tydeligvis boikotta.

Forøvrig blir nokon ingen av desse to her «superselgere» og heller ikkje nominert til «Gullruten» for beste reklamevideo.

Ellers burde desse to karane her ærleg fortelje kva dei reklamerer for, og kva ein ny rådmann i Stranda går til. Fortelje at desse to karane har tømt kommunekassa ilag, med null kr i fond.

Fortelje at Stranda kommune er på ROBEK med eit omstillingsbehov på mellom 50-100 million kr, der eigedomsskatt og salg av e- verket alt er tatt heilt ut.

Fortelje at Stranda kommune vil få ekstreme utfordringar innan eldreomsorga grunna at ein ikkje har prioritert ny sjukeheim og omsorgsbustadar i Stranda tettstad.

Fortelje at Stranda kommune vil få svært store problem ved at ein ikkje har prioritert og bygd ny Ringstad skule i Stranda tettstad.

Og, fortelje om dei ulike tilbuda i bygdelaga som det umulig vert råd å opprettholde, pga at kommunekassa er reinskrapa over tid med nullrente og tidenes skatte og rammeoverføri gar.

Så, kva var egentlig bodskapet til ordførar og varaordførar i sin reklamevideo for ny rådmann?

Det lurer sikkert alle dei som vurderar å søke denne stillinga også om, vil eg tru.