«Når krybba er tom så bitast hestane», vi får prøve å unngå at så blir tilfelle, sjølv om Stranda kommune no kjem under statleg kontroll ved ROBEK registeret. Men at vårknipa no ville kome har vi i Stranda Framstegsparti forstått lenge, og det har vi også i dei fleste samanhengar ytra og advart mot.

Dei siste åtte åra har det våre gode rammeoverføringar, nærast nullrente og god skatteinngang for Stranda kommune. I tillegg til dette har eit aquafond på nærare tjue millionar, og ei omsetning av Stranda Energi AS med fallrettar, gitt handlingsrom.

Også eigedomsskatten har bidratt stort. Alt dette, nærare ein halv milliard kroner årleg har blitt brukt til drift og ein overambisiøs tru på Stranda kommune sin økonomiske bereevne. Så viste det seg at dette heller ikkje er nok, nei vi har no titals millionar kroner i underskot med dagens drift.

Stranda kommune med politisk leiing, har etter Framstegspartiet sitt syn ikkje evna å ta innover seg, eller ta høgde for mekanikken i framtidige svingingar med rente, inflasjon og lønsvekst.

I tillegg har fleirtalet i kommunestyret unngått å ha eit ti års perspektiv på totaløkonomien til Stranda kommune. Med eit slikt innsyn og styringsfart ville dei med politisk makt ha sett tidleg, at drift og investeringsviljen var uforsvarleg høg og ikkje var berekraftig over tid.

Stranda Framstegs parti vil no ta til orde for og gå til val på nettopp ein ansvarleg langsiktig og berekraftig økonomisk politikk i Stranda kpmmune. Vidare vil vi ta Stranda kommune med på ein ny kurs, der eldreomsorg, skule og oppvekst vil være førande. Dette basert på ei utgreiing av kommunestruktur og sentralisering av tenester.

Den altomfattande økonomiske ryddejobben må no ikkje bagatelliserast av noverande ordførar og kommuneleiing. Det må no omgåande til ei tverrpolitisk handlekraft og vilje til omstilling. I det arbeide må politikarane og administrasjonen i Stranda kommune ha ei positiv tru på framtida, og at vi med takt og god tone unngår «krybbebet».